– Skytinga er rett og slett katastrofalt dårleg, seier NRKs ekspertkommentator, Ola Lunde.
19 bom på 80 skot gjev ein treffprosent på 76,25 prosent, medan dei som kjempa om medaljane skaut 19 og 18 treff. Først på side fire av den offisielle resultatlista kom første norske, med Fanny Horn Birkeland på ein 31.-plass.
– Hadde dette vore fotball hadde vel begge skytetrenarane våre vert sparka. Men det er ikkje deira skuld, seier Fanny Horn Birkeland.
- Les også:
Eckhoff: – Yes, 12 kilometer att til mål
Tiril Eckhoff, som skaut ti treff på sprinten og vart verdsmeister, starta med to bom på dei fire første seriane. Totalt vart det fem bom for Eckhoff og ein 43.-plass i mål.
– Det er kjipt å starta med to bom. Då veit ein at løpet er køyrd, seier Eckhoff til NRK etter målgang.
– Kva tenkte du etter den første serien?
– Eg tenkte vel berre "yesss, då er det 12 kilometer att", svarar Tiril Eckhoff tørt.
VM-debutant Kaia Wøien Nicolaisen er kjend som ein sterk skyttar, men i dag pådrog ho seg fem bom.
– Eg er faktisk ikkje sikker, eg følte eg hadde kontroll i den serien eg bomma tre. Eg hadde tydeligvis ikke kontroll, seier ho til NRK.
Ho har slite med sjukdom heile denne sesongen, men seier at ho ikkje var nervøs før start. VM-debuten vart ikkje like kjekk som ho hadde håpa på.
– Det er ikkje noko gøy. Etter førsterunden kjende eg at eg nesten ikkje hadde lyst til å gå rundt der lengre, seier Nicolaisen.
Lunde: – Norge er ikkje favoritt på stafetten
På søndagens jaktstart hadde dei fire norske jentene 17 bom på sine 80 skot. På dagens normaldistanse gjekk det endå dårlegare på standplass med 19 bom. Det gjer at NRKs skiskyttarekspert, Ola Lunde, er bekymra før stafetten.
– Norge er slett ingen favoritt før stafetten, med den skytinga dei leverer her i dag. Dei kan garantert kjempe om medalje om dei klarar seg med ned mot seks-sju ekstraskot. Dei må ha samling i bånn no. Dette var rett og slett totalsprekk, seier han.
Om to år er det OL i Sør-Korea, og landslagsleinga har varsla ekstra fokus på skytinga fra mot meisterskapen.
– Vi må jobbe hardt med skytinga. Det vart bestemt i fjor at vi skulle løfte det fysiske og eg trur ikkje det har gått utover fokuset på skytinga. Men vi ser at vi må jobbe meir med skytinga, det er det inga tvil om, seier idrettssjef Morten Aa Djupvik.
- Les også:
Det vart dobbelt fransk på distansen, med Marie Dorian Habert som gullvinnar og Anais Bescond på andre. Tyske Laura Dahlmeier tok bronsen.