Kjempesprekk for Eckhoff etter søvntrøbbel

Tiril Eckhoff hadde vondt for å sove etter VM-gullet på sprinten. Det enda med skytekollaps på jaktstarten.

Tiril Eckhoff bommer tre ganger på siste skyting. Kvinnenes jaktstart .

SJU BOM: Tiril Eckhoff sprakk på siste skyting.

– Eg sov ikkje ein dritt i natt, seier Eckhoff, som fortel at det bare blei 5-6 timar søvn natta etter at ho tok VM-gull i Holmenkollen.

Dagen etter feiring, medaljeseremoni og mange intervju gjekk ho først ut på jaktstarten og kunne ta ny medalje med ein feilfri serie på siste skyting.

Men der kollapsa 25-åringen totalt og bomma fire gangar.

Totalt bomma ho på heile sju av 20 skot og enda til slutt på 17.-plass.

– Eg var sliten frå første stavtak. På siste skyting var eg ikkje heilt fokusert. Eg prøvde så godt eg kunne, men sånn er det, seier Eckhoff.

– Er du deppa?

– Nei. «Shit happens». I alle fall når eg er så utlada, seier Eckhoff.

– Kunne du gjort noko annleis sett i ettertid?

– Eg føler eg gjorde alt eg kunne for å nullstille. Det var nok litt dei tankane som kom på siste skyting som eg ikkje klarte å skilje ut, seier 25-åringen.

– Utlada

Innsatsen på standplass er langt unna det ho klarte på sprinten laurdagen. Då skaut Eckhoff feilfritt for første gang i karriera og tok VM-gull på heimebane.

– Ei skikkeleg krasjlanding, sa kommentator Andreas Stabrun Smith etter kjempesprekken på siste skyting.

– At ho er utlada etter gårsdagen gjør at ho ikkje er så rå at ho kan skyte fem rett ned like raskt og effektivt som for eksempel Wierer gjør, seier NRKs ekspertkommentator Liv Grete Skjelbreid.

No ser Eckhoff fram til å få kvile.

– Eg er glad eg kan sleppe å halde på så lenge i dag. No kan eg gå raskt til sengs, seier 25-åringen.

Tysk gull - norsk superklatring

Tyske Laura Dahlmeier tok gullet på jaktstarten. Italienske Dorothea Wierer kapra sølvet. Bronsen blei fransk. Dorin Habert kom i mål 57,3 sekund bak Dahlmeier.

Best av dei norske var Marte Olsbu på 16.-plass. Olsbu bomma fire gangar.

Fanny Horn Birkeland gjekk ut som nummer 42, men enda på 19.-plass.

– Det er ergeleg at eg bomma to gangar på siste skyting. Då har eg sjansen til å fullføre eit veldig bra løp, seier Horn Birkeland.

Her er alle skuddene til Eckhoff fra dagens jaktstart.

DÅRLEG DAG: Tiril Eckhoff hadde ingen feilfrie skytingar på jaktstarten i VM.

Laster innhold, vennligst vent..

Sportsnyheter

Basketak da Tyrkia ble sendt mot EM-stupet

Det kokte fullstendig over i sluttminuttene da Tyrkia jaget et avgjørende utligningsmål. I steden har Wales kurs mot avansement, mens Tyrkia må håpe på et mirakel.

Siste nytt

  • Sergio Ramos forlater Madrid

    Real Madrid bekrefter at Sergio Ramos (35) forlater klubben i sommer.

    I morgen skal det holdes en avskjedsseremoni for midtstopperen som har vært i klubben siden 2005.

    Det meldes ikke hvor han skal spille neste sesong, men han kan dra vederlagsfritt ettersom hans kontrakt går ut i sommer.

    Det har blitt 671 kamper og 101 scoringer på 35-åringen.

    Det siste året har Ramos slitt med skadeproblemer, og han er ikke med i Spanias EM-tropp.

    La Liga Santander - Real Madrid v Atletico Madrid
    Foto: Juan Medina / Reuters
  • Johannessen OL-klar

    Golfaren Kristian Krogh Johannessen sikra seg ein OL-plass, etter at Wu Ashun ikkje klarte cuten i siste kvalifiseringsturnering.

    Kinesaren var den einaste som kunne dytte Johannessen ned frå 60.-plassen på OL-rankinga, men då måtte han klare ein topp-seks-plassering i golfturneringa i Cádiz.

    Men Wu enda på 70.-plass etter dag to, og får dermed ikkje vere med vidare i turneringa. Johannessen ligg på ein delt 8.-plass, men uansett kva han gjer resten av turneringa vil OL-plassen vere sikker.

    Viktor Hovland har tidlegare sikra seg ein OL-plass i golf for Noreg.

    Krogh Johannessen
    Foto: Morten Stenberg / NRK
  • Måtte ut etter grisetakling

    Aron Dønnum ble byttet ut på grunn av skade da han ble taklet knallhardt av Kitolano.

    Odd-spilleren suste inn med høy fart, og låste Dønnums bein i taklingen. VIF-spilleren ble liggende lenge på gressmatta, og måtte støtte seg på to VIF-ansatte da han ble hjulpet av banen.

    Eurosport-kommentatorene Kenneth Fredheim og Tor Ole Skullerud var samstemte i at dette var soleklart rødt kort. Men Kitolano slapp unna med gult kort.

    Kitolano selv meldte før kampen at han skulle være stygg. Det ble han konfrontert med av Eurosport i pausen.

    – Jeg skulle ikke være stygg og takle ham ut. Jeg vil ha den beste spillern på banen, så det var kjipt. Det var 50/50, så da kan alt skje, sier Kitolano.

    Eliteserien fotball 2021: Vålerenga - Odd
    Foto: Fredrik Hagen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal