– Eg føler at eg ikkje har den motivasjonen som skal til for å dra vidare alle dei utfordrande prosessane vi har pågåande, og då trur eg det er lurt å få nokre andre som er full av energi til å ta det vidare, seier Øystein Haugen, som har vore sportssjef dei siste åtte åra og tilknytta landslaget i 13 år.
– Kvifor manglar du motivasjon?
– Det er mange årsaker til det. I dei åtte åra eg har jobba her har vi lukkast med mykje, men også mislukkast med noko. No føler eg bare at eg ikkje har nok «drive» til å starte på ein ny fireårsperiode, seier Haugen.
Kritikken har hagla
Det var TV2 som først meldte om saka. Haugen har fått mykje kritikk for dårlege resultat den siste tida, og spesielt då skøytelandslaget leverte eit fiasko-OL i Sotsji tidlegare i år.
Den firedoble OL-meisteren Johan Olav Koss har ofte vore kritikkens frontfigur. For fire år sidan meinte han at Haugen måtte pakke sakene og gjøre noko anna enn å vere sportssjef.
Etter OL i Sotsji i vinter krevde han Haugens avgang igjen.
Haugen hevdar at det ikkje har prega han.
– Kva dei som står veldig langt unna skøytesporten meiner påverkar ikkje meg. Det er tilbakemeldingane frå dei som er tett på meg og veit kva vi eigentleg driv med som betyr noko for jobben som skal gjørast.
NRKs ekspert: – Haugen har ansvar for manglande vinnarkultur
Då den dårlege, norske konkurransesesongen tok slutt lova skøyteforbundet ei skikkeleg opprydding i systemet.
I prosessen trakk Jarle Pedersen seg frå stillinga som landslagstrenar.
Øystein Haugen var imidlertid trygg på å halda fram som sportssjef. Også skøytepresident Rune Gerhardsen uttala at han hadde tillit til Haugen.
– Derfor er det litt overraskande at han seier opp, seier NRKs skøyteekspert Even Wetten.
– Men når ein i skøyteforbundet ikkje har klart å skape ein vinnarkultur etter fleire forsøk under fleire trenarregime og når ein ikkje har klart å skape tilstrekkeleg med resultat blir det naturleg å gjøre endringar også i sportssjefrolla, legg Wetten til.
Skøyteeksperten meiner Haugen må ta sin del av ansvaret for at det til tider har vore støy i norsk skøytesport, som ifølgje Wetten har gått ut over prestasjonane.
– Resultata har vore for sporadiske. Eg synst heller ikkje det har vore ro og fred i skøyteleiren. Dette er ikkje bare Øystein Haugens ansvar, men ein sportssjef har i alle fall ein viktig rolle i å bygge ein samlande kultur, seier Wetten, og siktar til episodar som då Håvard Bøkko vraka landslaget og gjekk til privatlaget CBA i 2011.
– OL tok ikkje knekken på motivasjonen
Haugen veit ikkje kva han er motivert for å gjøre framover. Samtidig nektar han for at OL-fiaskoen var årsaka til at motivasjonen fekk seg ein knekk.
– Vi hadde som mål å ta to medaljar under OL, men det gjorde vi ikkje. Vi var skuffa, men ikkje i sjokk over at vi ikkje klarte det. Men dette er ikkje nok til å drepe motivasjonen min, seier Haugen, som har eit par dagar på å rydde kontoret. 42-åringen har siste dag på jobb den 30. april.