Bale besto legesjekken måndag formiddag og vart deretter presentert. Han skal spele i trøye nummer 11.
Ifølgje Real sjølv kostar han 91 millionar euro (734 mill kroner). Det er tre millionar mindre enn det Cristiano Ronaldo kom til klubben for.
Men andre kjelder meiner at den reelle prisen er 100 millionar euro (802 mill kroner), noko som gjer han til
.– Eg har hatt seks fine år i Tottenham, men no var det på tide å seie farvel, sa Bale, som la til at overgangen er "ein draum som har gått i oppfylling".
Walisaren prøvde seg på nokre spanske gloser – med markert walisisk aksent, ifølgje ekspertane – då han blei presentert.
– Hallo. Det er ein draum å vere her i Madrid. Takk for denne velkomsten, sa han på det språket han garantert kjem til å lære seg meir av dei neste åra.