Hopp til innhold

NRK-ekspert: – Den desidert tøffaste sprintløypa

SOTSJI/OSLO (NRK.no): Den norske sprintgruppa har lagt om treninga denne sesongen på grunn av løypa i Sotsji. Det er den desidert tøffaste sprintløypa i verdscupen.

Brandsdal Bjørn

Eirik Brandsdal meiner sprintløypa er så tøff at han må disponera løpet annleis enn i ein vanleg sprint. NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn kallar den 1,8 kilometer lange løypa for verdas tøffaste sprint for herrane.

Foto: NRK/Scanpix

– Den siste bakken er så tøff at ein må gå den fyrste bakken utan full kraftinnsats. Eg må lura meg opp med god teknikk, slik at eg ikkje kjem inn i den siste bakken med for mykje syre, seier Brandsdal til NRK.no.

Eirik Brandsdal

Eirk Brandsdal tok sesongens fyrste sprintsiger i verdscupen i Kuusamo.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

27-åringen er oppteken av at prologen er annleis enn vanleg. Han meiner ein må tenkja meir disponering av løpet enn i ein vanleg sprint fordi løypa er så brutal.

– Eg må treffa med opningsfarten, og ikkje gje vekk for mykje. Eg trur ikkje nødvendigvis den som leiar på toppen av bakken, vinn prologen.

Under laurdagens 15 kilometer for kvinner rykka Charlotte Kalla i den siste bakken, og berre Marit Bjørgen klarte å halda fylgje.

– Der me såg Kalla rykka, trur eg kanskje vert eit viktig punkt. Posisjonen inn i bakken er mest avgjerande, seier Brandsdal.

Favoriserer distanseløparane

Løypa i Sotsji er den desidert tøffaste sprintløypa i verdscupen for menn, og favoriserer distanseløparane.

– Det er fyrst og fremst den siste, lange og seige motbakken som skil seg frå andre løyper i verdscupen. Ser ein på totaltida, er den mykje lenger enn andre sprintar, seier NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn.

  • Sjå prologtidene frå dei siste meisterskapane i sprint fristil i faktaboks til høgre.

Kombinasjonen lengre løype enn vanleg, lang sistebakke og at sprinten går i mellomhøgde gjer at sprinten talar for distanseløparane.

Ser ein på resultata frå prøve-OL førre sesong (sjå faktaboks), syner dei nettopp dette.

Sprintløypa for kvinnene er derimot langt lettare enn den mennene går, faktisk lettare enn mange av løypene i verdscupen.

  • På det norske kvinnelaget går: Marit Bjørgen, Ingvild Flugstad Østberg, Astrid Uhrenholdt Jacobsen og Maiken Caspersen Falla.

Har lagt om treninga

Brandsdal er ikkje kjend for å vera best i dei tøffaste og lengste sprintløypene, men seier han har jobba ekstra med det det siste året.

– Det er ikkje det eg har vore best på, men føler eg har teke konsekvensane av det og har jobba hardt for å utvikla meg. Så gjenstår det å sjå då, seier han med eit smil.

Sprintgruppa har lagt om treninga denne sesongen med tanke på nettopp løypa i Sotsji.

– Dei har trena mykje meir uthald. Om dei har lukkast, vil me få svar på i dag, seier Bjørn.

Ola Vigen Hattestad meiner likevel ikkje sprintløypa er så tung som i fjor.

– Då eg var her i fjor, synest eg løypa var frykteleg tøff. No ser den betre ut, noko må ha skjedd på eitt år. Anten har løypa endra seg, eller så er eg i betre form, smiler han.

Ola Vigen Hattestad

Ola Vigen Hattestad vann generalprøven i Toblach.

Foto: Elvis Piazzi / Ap

– Den er tøff for all del, ein må vera på hogget. I tillegg spelar høgda inn, legg han til.

Fått tips av Krogh

Under prøve-OL var det ekstremt tunge forhold med mykje laussnø. Så langt i OL har forholda vore langt betre.

– Løypa er nok lettare enn under prøve-OL på grunn av forholda, men den er likevel den desidert tyngste sprintløypa. Ola har betra uthaldet, noko han er heilt avhengig av for å kunna ta medalje, seier Bjørn.

Hattestad er imponert over lagkamerat Finn Hågen Krogh som førre veke vart vraka frå sprintlaget.

– Han var med på hardøkta fredag, og var skikkeleg på hogget og kom med tips. Det står det respekt av.

Berre medalje er godt nok

Sprinttrenar Arild Monsen fortel at bråket etter det mykje omtala uttaket har lagt seg, og at løparane har fullt fokus på løpet.

– Me skal vera representert i finalen, og må ha medalje for å vera nøgd, seier Monsen.

Sprinttrenaren trur mange vil vera med å kjempa om gullet.

– Det er mange favorittar. Utanom våre eigne, har særleg Sergej Ustiugov peika seg ut den siste tida, samt Nikita Krjukov med si merittliste. I tillegg er det ein eller to svenskar.

Fire gode kort

Ifylgje Bjørn har Noreg fire gode kort i dagens sprint.

Gløersen vann sprinten i Davos som òg gjekk på mellomhøgde, sjølv om det er ei lettare løype enn det er i Sotsji.

Brandsdal har vore i fleire finalar, og vann den fyrste sprinten denne sesongen i Kuusamo.

Hattestad vann generalprøven i Toblach, medan Northug var suveren i fjorårets prøve-OL.

Dei største utfordrarane til nordmennene trur Bjørn vert svensken Marcus Hellner, russaren Sergej Ustiugov, og kanskje skotten Andrew Musgrave.

– Russarane har eit fryktinngytande lag. Eg trur løypa passar Ustiugov betre enn Krjukov. Me skal heller ikkje gløyma Musgrave. Dette er ei fin løype for han. Han er uthaldande, og synte under NM at han kan går fort i motbakkar.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Tittel» i nytt vindu

Sportsnyheter

Bjørgen Jullumstrø

Mener trenerteamet er skreddersydd for Johaug: – Rigget for et comeback

Marit Bjørgen og Pål Gunnar Mikkelsplass går inn som assistenttrenere på kvinnelandslaget i langrenn. Det betyr én ting, tror NRKs ekspert: Comeback for Therese Johaug.

Siste nytt

  • Tippemidlene: Rekordhøye 3,7 milliarder kroner til idretten

    Regjeringen bevilger 3,723 milliarder kroner av Norsk Tippings overskudd til idrettsformål over hele Norge i 2024.

    Det er en økning på 288 millioner kroner fra fjorårets utbetaling. Totalt går 7,1 milliarder av tippeoverskuddet til idrett, kultur og frivillighet, opplyser Kulturdepartementet.

    Av idrettstilskuddet går nærmere to milliarder kroner til idrettsanlegg i kommunene. Her økes bevilgningen med 180 millioner kroner fra 2023.

    – Tilgang på anlegg er en av de viktigste forutsetningene for et bredt og tilgjengelig idrettstilbud, sier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).

    (NTB)

  • Stjernefelt på 5000 meter under Bislett Games

    Noen av verdens fremste utøvere på 5000 meter tar turen til Bislett Games i Oslo 30. mai.

    Verdensrekordholder Joshua Cheptegei, det etiopiske løpeesset Yomif Kejelcha og Diamond League-mesteren fra 2021, Berihu Aregawi, leder an det stjernespekkede feltet.

    Jacob Kiplimo, Hagos Gebrhiwet, Telahun Haile Bekele, Luis Grijalva og Dominic Lobalu meldes også klar i en pressemelding.

    Den norske stjernen Henrik Ingebrigtsen står også oppført på startlistene.

    N_Wja6sQQtE
    Foto: AFP
  • Belgisk storavis: Van Aert med mål om comeback i norsk ritt

    Visma-stjernen Wout Van Aert har angivelig valgt å sikte seg inn på skadecomeback i Tour of Norway 23. mai, skriver den belgiske avisen Het Laatste Nieuws.

    Van Aert har vært ute av konkurranse siden han i slutten av mars ødela kragebeinet i endagsrittet Dwars door Vlaanderen. Dagen etter ble han operert for skaden, og 29-åringen har siden brukt tiden på å rehabilitere.

    Van Aert har herjet på den internasjonale sykkelscenen de siste årene, og Visma-rytteren har blant notert ni etappeseirer i Tour de France. Kragebeinsbruddet i Dwars door Vlaanderen kom rett i forkant av en lang rekke vårklassikere.

    11. april ble det gjort kjent at årets Giro d'Italia går uten den belgiske 29-åringen.

    – Jeg er skuffet over å miste mitt nest største mål for sesongen, men jeg må prioritere helsen og gi kroppen tiden det tar å bli bra igjen, sa Van Aert etter at beslutningen ble tatt. (NTB)

    Van Aert
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal