Hopp til innhold

Vurderer fleire ruter frå Kjevik

Flyselskapet Wizz Air vurderer fleire ruter til og frå Kjevik. Onsdag morgon hadde selskapet sin første avgang frå Kjevik til polske Gdansk.

Daniel de Carvalho, Wizz Air

Daniel de Carvalho i Wizz Air seier at flyselskapet vurderer fleire destinasjonar frå Kjevik.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi har fleire moglege ruter, men først må vi sjå korleis denne ruta vert teken imot, seier kommunikasjonssjef i Wizz Air, Daniel de Carvalho til NRK.

Han vil ikkje røpe kva ruter som er aktuelle.

– Det kan eg ikkje seie noko om no. Men vi har fleire ruter vi ser på, seier de Carvalho.

NHO: – Gledeleg

WizzAir skal ha to avgangar frå Kristiansand i veka, onsdag og søndag. Trond Madsen i NHO på Agder er glad for den nye ruta.

– Først og fremst er det gledeleg å sjå at det kjem endå ein destinasjon til og frå Kjevik, seier Madsen til NRK.

– Eg trur at mange av dei polske statsborgarane som jobbar på Sørlandet gler seg over at dei kan komme seg endå enklare til og frå Sørlandet, seier han.

Madsen meiner også at fleire utanlandsdestinasjonar kan gjere det enklare for sørlendingar å jobbe i utlandet.

Flyselskapet Wizz Air vurderer fleire ruter til og frå Kjevik. Onsdag morgon hadde selskapet sin første avgang frå Kjevik til polske Gdansk.

VIDEO: Wizz Air hadde sin første avgang frå Kjevik til Gdansk onsdag morgon.

Studentjubel

– Det kan bety at sørlendingar tek turen ut i verda både for å etablere verksemd og jobbe utanlands, seier han.

Det er fleire som jublar over den nye flyruta. Studentar som studerer i Polen vil få ein langt raskare veg heim til Sørlandet.

– Eg tykkjer det er kjempebra. For min del fører det til at eg kan reise oftare heim. Tidlegare har eg brukt opptil 12 timar på å komme meg heim. No kan eg komme meg heim på fem timda, så eg er supernøgd, seier Natalie Ackerman Repstad frå Kristiansand, som studerer medisin i Bydgoszcz.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %