– Sjåføren ser ikkje ut til å vere skada, opplyser innsatsleiar i politiet, Knut Ås til NRK.
Politiet vart varsla om hendinga ved Fardalsbakken klokka 17.30 tysdag ettermiddag.
– Sjåføren har truleg vore uoppmerksam og køyrt rett fram i rundkøyringa, seier Ås.
Det oppstod raskt lange køar i begge retningar.
Trafikken vert no dirigert forbi staden. Det er venta at bilberging vil ta tid. Difor vert omkøyring skilta via gamle E39.
– Folk må rekne med saktegåande kø, seier Ås.
Førarkortet til den 19 år gamle sjåføren er beslaglagt.