Hopp til innhold

Vil byggje kulturhus i Valle

Valle kommune har i dag fleire bygg som i dag vert brukt til ulike kulturaktivitetar. No jobbar ei arbeidsgruppe med planar om eit nytt kulturhus.

Valle sentrum

Ei arbeidsgruppe skal no sjå på moglegheitene for å byggje eit kulturhus i Valle.

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Bakgrunnen er at vi har ein del hus med mykje aktivitet i. Men det er relativt store behov for oppgradering, seier kultursjef i kommunen, Torunn Charlotte Lund til NRK.

– I tillegg har vi eit par kommunale bygningar som står tomme og vi har eit bibliotek som treng oppgradering, seier ho.

Oppgåva til arbeidsgruppa blir å vurdere om ein skal bruke pengar på å oppgradere eksisterande bygg, eller byggje eit nytt hus, som skal romme mange ulike aktivitetar.

Kultursjefen vil helst byggje nytt, og trur det er realistisk å få til, trass i trong økonomi i kommunen.

– Dersom Valle kommune skal halde fram med å vere ein kulturkommune, som vi er, må vi uansett bruke pengar på å oppgradere dei byggar vi har, seier kultursjefen.

– Eg tykkjer det er viktig å få eit hus med mange funksjonar, som ligg mest mogleg lettvint til for flest mogleg, og eit bygg som er lett å bruke og stikke innom, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %