Hopp til innhold

Storsigneringa ferdig for sesongen

Supporterane samla inn pengar for å hente ein klassespelar til ØIF Arendal. No er Robert Markotic alvorleg skada og misser resten av sesongen.

Robert Markotic

ØIF Arendal-spelar Robert Markotic er ute resten av sesongen på grunn av skade.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det var på den siste treninga før kampen mot Bodø i helga at kroaten pådrog seg ein alvorleg skade.

– Han landa forkjært og vrei kneet sitt. Han er ute resten av sesongen. Han kan til og med slite med å rekke starten av neste sesong, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen til NRK.

Skadeplaga

Per Carsten Michelsen

Per Carsten Michelsen er sportsleg leiar i ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Markotic skreiv under for ØIF i juli. 25-åringen kom frå den franske toppserien og har Meisterliga-erfaring.

Markotic skulle vere spelaren som skulle løfte den regjerande serie- og cupmeisteren endå eit hakk.

Markotic var på veg tilbake frå ein alvorleg skulderskade då han kom til Arendal. Allereie i oktober vart han sett på sidelinja då han reiv opp igjen skaden.

No var han endeleg tilbake igjen då det small på trening.

Vurderer å hente erstattar

– Eg føler med spelaren. Han har teke steg heile tida og har lagt ned vanvitig mykje i skadeperioden. Vi såg verkeleg fram til å ha han på bana, seier Michelsen.

ØIF Arendal toppar eliteserien suverent etter å ha vunne dei elleve første kampane denne sesongen. No vurderer dei å hente inn ein erstattar for Markotic.

– Vi må sjå oss om etter alternativ. Vi må tenke på kva som er best for å oppnå måla våre. Eg ser ikkje vekk ifrå at vi må finne ein erstattar, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,61 kr
Dyrest kl. 23 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Apr 2023 – apr 2024
    + 6,8 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %