Hopp til innhold

ØIF cruisar mot nytt seriegull

ØIF Arendal verkar uovervinnelege etter ni strake sigarar av ni moglege i eliteserien i handball. Onsdag var det nyopprykka Viking som fekk juling.

Lars Jakobsen, ØIF Arendal

Lars Jakobsen vart toppscorar for ØIF Arendal.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Det vart kanskje enklare enn vi hadde venta. Det må seiast at Viking sin beste spelar ikkje var med i dag, men gutane våre var på og avgjorde kampen i første omgang, seier sportsleg leiar i ØIF, Per Carsten Michelsen til NRK.

Arendalittane gjekk hardt ut og leia 16–10 til pause mot tabelljumboen som framleis er poenglause i comebacksesongen i eliteserien.

Tabelltopp

– Vi held trykket oppe også i andre omgang. Totalt sett er det ein godkjend og godt gjennomført kamp. Det var solide siffer. Det er vi glade for, for det har det ikkje vore mange av i år, seier Michelsen.

To nye poeng gjer at klubben tryggar tabelltoppen i eliteserien og er i ferd med å cruise inn til sitt andre strake seriegull.

Klubben leiar serien tre poeng føre Haslum på andreplass, som har ein kamp meir spelt.

– Eg er kjempeimponert. Vi jobbar hardt og gutane slepp seg ikkje ned, seier Michelsen.

Lars Jakobsen vart toppscorar for ØIF i Stavanger. Dansken scora 11 mål.

Utan trenaren

ØIF sin hovudtrenar var ikkje med til Stavanger på grunn av sjukdom. Det var dermed assistenttrenar Asle Gran som leia laget.

Laurdag vender klubben nasen mot Spania då laget skal spele europacupkvalifisering mot Fraikin BM Granollers.

– Eg føler vi er godt budde. Vi møter eit vanvitig sterkt lag, men eg meiner vi har ein god sjanse, seier han.

Vipers Kristiansand tapte 24–25 på bortebane mot Tertnes i kvinnenes eliteserie.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %