Hopp til innhold

Rauk korsbandet for andre gang

ØIF Arendal-spelar David Svenningsen var akkurat i ferd med å finne tilbake til storforma etter ei alvorleg skade. No vert han sett på sidelinja igjen.

Sjå intervju med David Svenningsen (ØIF Arendal).

Sjå intervju med David Svenningsen.

– Det er jævlig kjedeleg, men slik er det. Eg må berre komme meg vidare og trene meg opp igjen, seier Svenningsen til NRK.

David Svenningsen, ØIF Arendal

David Svenningsen i aksjon i ein tidlegare kamp mot Bodø.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Onsdag kveld såg han lagkameratane sikre sin femte strake siger då dei slo Haslum på heimebane. Eit ØIF-mannskap utan fleire av nøkkelspelarane nedkjempa Haslum med enorm innsats.

– Kjende heile kneet vri seg

I april i fjor vart Svenningsen sett ut av spel då han røk korsbandet i venstre kne rauk. Han gjekk dermed glipp av heile gullsesongen i fjor då laget vann både serie og cup.

Denne gongen er det høgre kne som må under kniven. Svenningsen har skada både leddband, korsband og menisk.

– Det skjedde på trening då vi spelte. Eg stoppa litt opp og kjende heile kneet vri seg. Eg tenkte det verste med ein gong, seier han.

Det viste seg raskt at skaden var alvorleg. Ekstra surt er det med tanke på at han var i ferd med å finne tilbake til seg sjølv etter den første alvorlege skaden. Trass i ein ny smell vil han ikkje gje seg og håpar å komme sterkt tilbake.

Les også:

Vil tilbake

– Eg kan ikkje gje meg på botnen. Det blir ei lang sjukemelding, seier han.

– Det er typisk min uflaks. Eg håpar eg får litt meir flaks og kjem raskare tilbake enn førre gong, seier han.

Svenningsen har trua på at laget kan følgje opp fjorårets to gull både i serie og sluttspel.

– Eg håpar sjølvsagt på gull. Vi vil ikkje ha noko anna, seier han.

David Svenningsen

Svenningsen velkjend stil for ØIF Arendal.

Foto: NRK Sorlandet / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %