Hopp til innhold

Mjelde etter nytt tap: – Når vi slepp inn slike mål blir det vanskeleg

Sarpsborg 08 vart for sterke for Start og vann 2-1 på heimebane.

– Det er det nivået vi har per i dag. I andre omgang byrjar vi å bruke ballen litt meir og vi spelar Sarpsborg litt låge nokre gonger. Men når vi slepp inn mål som vi gjer i dag, blir det vanskeleg, seier Start-trenar Mons Ivar Mjelde til Cmore rett etter kampslutt.

Start fekk ein dårleg start i bortemøtet med Sarpsborg 08. Øyvind Hoås kom høgast i feltet etter eit innlegg av Martin Wiig og stanga ballen i mål allereie åtte minutt ut i kampen.

Asante-scoring gav håp

Berre to minutt ut i andre omgang gjekk heimelaget opp til 2-0. Midtstoppar Christian Brink fekk til slutt foten på ballen.

Men berre fem minutt seinare gav Ernest Asante håp om Start-poeng. Kanspelaren drog til frå 25 meter og klinka ballen i krysset til 1-2.

Castro hadde ein kjempemoglegheit til å sikre uavgjort på overtid. Men skotet gjekk rett på Sarpsborg-målvakta.

– Eg tykkjer vi gjer ein bra andre omgang iallefall. Vi tek tak i kula og torer å spele og skapar litt sjansar. Det er synd vi ikkje klarer å putte 2-2 på slutten der, seier Start-kaptein Glenn Andersen til Cmore etter kampen.

To poeng over nedrykk

Dermed vart det tap 1-2 i den første kampen i haustsesongen.

Dette var Start sitt sjette tap denne sesongen. Det betyr at klubben ligg på 13. plass på tabellen med 13 poeng, to poeng over kvalifisering og nedrykk.

Sarpsborg 08 klatra opp på 7. plass på tabellen med sine 17 poeng på dei 13 første kampane.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %