Hopp til innhold

Jegersberg overtakast av offentleg eigar

– Aldri vore på tale at private skulle kjøpe, seier ordførar i Kristiansand.

På skøyteisen i Jegersberg

Jegersberg på Oddernes i Kristiansand er eit populært turområde for sørlendingar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Tidlegare denne veka blei det kjent at eit av Sørlandets største turområde, Jegersberg i Kristiansand, blei lagt ut for sal.

Forsvarets eigedommar i Jegersberg skal seljast og er taksert til nærare 6,4 millionar kroner. Det populære turområdet består av skog og friluftsområde, som er mykje brukt og særs populært i Kristiansand. Området består blant anna av mange kilometer med lysløyper og turstiar.

Aldri på tale med privat eigar

Arvid Grundekjøn

Ordførar i Kristiansand, Arvid Grundekjøn, seier det ikkje er aktuelt at ein privat aktør får kjøpe Jegersberg.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Statlege etatar har fortrinnsrett til området før eventuelt Kristiansand kommune eller Vest-Agder fylkeskommune kan kjøpe eigedommane til takst. Ordførar i Kristiansand, Arvid Grundekjøn, seier dei har kome langt i planlegginga av kven som skal ta over det populære turområdet.

– Jegersberg skal overtakast av offentleg eigar. No har vi ei siste runde på kva offentleg eigar det blir.

Han er klar på at området ikkje skal bli selt til ein privat aktør.

– Nei, det har aldri vore på tale.

– Indrefilet for turfolk

Grundekjøn seier dei òg har diskutert framtidsplanar for turområdet.

– Vi har kome langt i å diskutere detaljar om plasseringar av turhytte. Det er jo klart at dette er ein indrefilet for turfolk, og vil bli varetatt som såleis.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %