Store mengde søppel låg att etter at dei fleste tiggarane reiste heim i desember.
Både madrassar, bord, steikepanner og drøssevis med anna søppel låg under Vesterveibrua, der tiggarane har sove og ete. Både prest, rumenarar og politikarar møtte opp då søppelet skulle ryddast laurdag.
– Eg vart så provosert over at dette vart framstilt som at skattebetalarane sine pengar skulle brukast for å rydde opp etter dei fattige. Det tykkjer eg er så lite fint sagt, seier Kristin Øygarden.
– Byggjer opp under hatet
– Det byggjer opp under det forferdelege hatet som desse menneska opplever, seier ho.
Øygarden peikar også på at tiggarane reiste frå staden medan snøstormen stod på før juletider.
– Det er forferdeleg å tenkje på korleis dei har hatt det. Av og til må vi hjelpe kvarandre. For meg er det veldig meiningsfyllt å kunne hjelpe Frelsesarmeen for å hjelpe tiggarane, seier ho.
Det var etter at NRK.no skreiv om tiggar-søppelet at det vart fart på saka. Varaordførar i Kristiansand, Jørgen Kristiansen, lova at kommunen skulle rydde opp og ville bruke skattekroner på oppryddinga.
Kalla inn til opprydding
Fredag ettermiddag kom Frelsesarmeen på bana. Dei ynskte ikkje at politikarane skulle slå politisk mynt om tiggarane sin situasjon. Dette førte til at diakonarbeidar
Kari Klingsheim kalla inn frivillege til oppryddding under eit radiointervju med NRK fredag.
– Eg er imponert. Her er både prest, rumenarar og politikarar som bidreg. Dette viser at det er vilje og at folk ynskjer å gjere noko godt, seier ho til NRK.no.
– Med god hjelp skal vi unngå at dette skjer igjen, seier ho.
Den ortodokse presten Christoforus Schuff har tidlegare engasjert sterkt for tiggarane. I juni i fjor sette han seg mellom anna ned saman med tiggarane i Kristiansand for å vise solidaritet. Laurdag var også han med på oppryddinga.
– Vi hadde også med oss romfolk på oppryddinga. Det er kjekt å kunne hjelpe. Vi mangla dessverre ein stor container frå kommunen. Mykje av søppelet var allereie lagt i posar. Så var det sjølvsagt ein del som stod att, seier han.
Også Venstre-politikar Eva Kvelland var ein av dei som valde å setje av nokre timar til søppelrydding laurdag ettermiddag.
– Eg tykkjer det er eit prisverdig engasjement frå Frelsesarmeen si side. Når eg kan hjelpe, gjer eg gjerne det. Dette gir meg glede og det kostar meg veldig lite, seier ho.