Hopp til innhold

Folk vert uroa når heimevernet trenar

Heimevernet opplever at folk vert uroa når dei ser væpna soldatar på øving. Denne veka trenar over 1000 soldatar ulike stader på Agder.

Heimevernet trener på ekstremsituasjoner

Heimevernet øver på fleire skarpe oppdrag, der dei om naudsynt må skyte folk.

Det er spesielt etter terroråtaka på Utøya og i Oslo 22. juli i 2011 at auken har vore merkbar.

– Vi merkar at mange fleire tek kontakt no enn tidlegare. Ein del vert uroa når dei ser væpna soldatar og lurer på kven det er, og ikkje minst når dei høyrer skot, seier kaptein Agder og Rogaland heimevernsdistrikt, Børre Jakobsen til NRK.

Denne veka er over 1200 soldatar ute over heile Agder i ei storstilt øving. Øvinga vil gå føre seg i Kristiansand og Vennesla, samt alle kommunane i Aust-Agder.

Største øvinga på lengje

– Det er ei av dei største øvingane vi har køyrt. Det utgjer meir enn halvparten av styrken i Agder, seier Jakobsen.

Spesielt får Heimevernet telefonar frå folk som vert uroa når dei høyrer skyting. Denne veka vil det bli brukt lausammunisjon.

Øving på Evje

Soldatar på øvingsfeltet på Evje.

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Rundt enkelte område vil ein kunne sjå personell i uniform med våpen. Andre stader vil det bli løyst skot med lausammunisjon. Det er naudsynt for å få det mest mogleg realistisk, seier han.

Heimevernssoldatane skal gjennom ei rekkje oppdrag denne veka. Dei skal mellom anna handtere eit tenkt terroråtak.

– Det er ein del av beredskapen vi har. Vi skal vere i stand til å beskytte objekt og installasjonar og sjølvsagt sivilbefolkninga, seier Jakobsen.

Reaksjonar

Psykolog Stian Tobiassen i Grimstad seier folk får reaksjonar etter kva slags livsoppleving dei har.

– Det er forskjellige reaksjonar på det man ser. Er det knytt til ein reell livshending til skyting og soldatar, snakkar me om psykologisk respons, seier Tobiassen.

Men han trur også at ein del kan reagere fordi dei ikkje er vande med å sjå soldatar.

– Dei var kanskje meir integrerte tidlegare. Det handlar om assosiasjonar, kva man forbinde med dette, meiner Tobiassen.

Heimevernet på øvelse

Fleire soldatar på Evje i samband med øving.

Foto: Odd Rømteland / NRK

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %