Begge laga berga seg med hårfine marginar søndag. No ventar sluttdramaet.
Start kan rykke ned til førstedivisjon, medan Jerv kan kome til eliteserien. Start tapte 0–3 mot Molde søndag, men vart berga av at Viking vann over Mjøndalen.
Jerv vann 7–6 mot Hødd, etter blant anna eit mislykka «panenka-forsøk».
Ein som har rukke ned med Start fleire gonger før er Erik Ruthford Pedersen. Han legg ikkje skjul på at lokaloppgjeret kan bli noko utanom det vanlege.
– Ein kamp mellom start og Jerv i ein slik setting som det vil bli, ein kvalik for kven som skal bli eit Tippeliga-lag, den er mildt sagt spesiell.