– Eg tenkte på det da eg gjekk fram til ballen. Planen var å sette den midt i mål, så tenkte eg: kvifor ikkje chippe?
Michael Karlsen tek oss igjennom sekunda før han skulle øydelegge Hødds håp om eliteseriespel i 2016.
Hødd hadde føringa i straffesparkkonkurransen etter fire straffer. Alle hadde scora for heimelaget, Jerv hadde bomma på eitt. Viss Michael Karlsen scora på den siste, kunne Hødd ha jubla for siger og ny kvallik-runde.
– Pinleg og ikkje bra nok
– Keeperen hadde gått tidleg kvar gong, derfor hadde eg planlagt og sette den på vanleg måte midt i mål. Men så kom tanken om å chippe. Eg veit da faen kva som skjer i hovudet mitt. Eg skulle vel prøve å vere litt kul, medgir Karlsen.
Ballen gjekk rett i fanget på Jerv-keeper Øyvind Knutsen og det som skulle bli ein elegant «panenka», blei heller sjåande ut som eit arrogant og pinleg forsøk på chipp.
Jerv vann til slutt straffekonken etter at Hødds Christoffer Aasbak sette Hødds sjuande straffe over.
– Det var pinleg og sjølvsagt ikkje bra nok. Eg må beklage til alle som bryr seg om Hødd og lagkameratane mine. Det er kjipt å vere skuld i at me ikkje går vidare i kvaliken.
– Ingen syndebukk
25-åringen fortel om ein naturleg nok, trykka stemning i Hødd-garderoben etter straffekonken.
– Det var ein tung stemning. Eg synes me gjer ein god kamp i går og er mykje betre enn Jerv. Me burde hatt 2-0 og 3-0 før dei utlikna på eit drittmål på overtid, meiner Karlsen.
– Korleis reagerte lagkameratane på måten du valde å ta straffesparket på?
– Det var jo ein skuffa gjeng, men eg fekk støtte og dei tok vare på meg. Me er ein veldig fin gjeng og bruka kvelden i går saman.
Hødd-trenar Sindre Eid fortel at «straffesyndarane» Karlsen og Aasbak blir tatt godt vare på.
– I Hødd skal me ikkje ha syndebukkar. Me vinn og tapar saman og det gjer me i dag også.
Men likevel skulle han sjølvsagt ynskje Karlsen hadde høyrt på kva han sa før straffekonken tok til.
– Me sa jo før me gjekk ut at me måtte smelle ballen i hjørnet, men ein kan jo ikkje styre alt spelarane gjer. Går den inn så ser det jo heilt fantastisk ut, men når ein bommar ser det veldig dumt ut.
Det er den angrande spissen einig i.
– Det ser veldig dumt ut når keeper står. Eg skuffa heile stadion.