Hopp til innhold

Drøymer om å bli best i verda

Skiskyttarlinja ved Sirdal vidaregåande skule har fått fram fleire landslagsutøvarar i. Dagens elevar drøymer om å følgje skispora til Linda Grubben.

Elever fra Sirdal satser mot verdenstoppen

VIDEO: Sjå reportasje frå skiskyttarlinja på Sirdal vidaregåande skule.

Margitt Sørensen

Margitt Sørensen.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

Espen Johnsen

Espen Johnsen.

Foto: Håkon Eliassen/NRK
– Eg er veldig ivrig etter å komme meg ut å trene. Det er difor eg er her, seier Margitt Sørensen til NRK.

– Du vil jo helst ut å trene i staden for å sitje her inne å høyre på det faglege. Det er ikkje akkurat det som er det kjekkaste, seier Espen Johnsen.

Trippar utålmodig

Dei to sit i klasserommet med klassekameratane og høyrer på lærar Thomas Åbø. Det er treningslære som står på timeplanen. Læraren snakkar om arbeidsøkonomi og kontinuitet. To stikkord som er viktige for å nå verdstoppen.

– Vi må ha kontinuitet. Kontinuitet i ei økt. Kontinuitet i ei veke. Kontinuitet i ein månad, seier læraren.

Fleire elevar sit utålmodig og trippar etter å komme seg ut i skisporet der dei aller helst vil vere.

– Om du ser beina går litt og du ser at dei er ivrige er det eigentleg berre positivt. Dei vil ut å trene og setje det dei lærer i teorien ut i praksis, seier Åbø.

Siktar mot Linda Grubben

Den mest kjende eleven som har gått på skulen til no er Linda Grubben. I 2007 vart ho verdsmeister på normaldistansen under VM i Antholz.

I nyare tid er det Lars Helge Birkeland frå Birkenes og Marte Olsbu frå Froland som har presert best. Begge var med til VM i Kontiolahti tidlegare i vinter.

– Målet vårt er å gje elevane både utviklinga dei ynskjer i skiskyting, men samstundes få studiekompetanse når dei har gått her i tre år, seier rektor Johan Vesteraas.

Johan Vesteraas

Johan Vesteraas studerer gamle klassebilete. På eitt av bileta er tidlegare verdsmeister Linda Grubben.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

Vil bli best i verda

Det krev knallhardt arbeid over fleire år for å bli like god som Linda Grubben, Ole Einar Bjørndalen og dei andre verdsstjernene. Men pågangsmotet og motivasjonen er det ingenting å seie på.

– Målet mitt er at eg trenar kvar dag, gjer så godt eg kan heile tida. Så får vi sjå kor mykje kroppen min toler, seier Espen Johnsen.

– Målet mitt er å bli best i verda. Eg må jobbe hardt, så kjem det til slutt berre du vil nok, seier Margitt Sørensen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %