– Profflaga har følarar ute i Norge gjennom heile sesongen. Vangstad er definitivt eitt av namna dei har på lista etter sigeren i Tour of Norway, seier Alpers til NRK.
Sørlendingen imponerte heile sykkel-Norge då han vann den siste etappen av Tour of Norway i helga. 23-åringen knuste deler av verdseliten.
- Les også: Vangstad vert hylla etter sjokksiger
Dette talar for ei proffkarriere
Alpers dreg fram tre faktorar som talar for at Vangstad blir sykkelproff:
- Han viste i Tour of Norway at han er uredd. Han rykka ifrå etablerte verdsstjerner.
- Han er taktisk sterk. Det viste han då han rykka ifrå dei andre i Tour of Norway.
- Han viste enorm køyrestyrke aleine då han drog ifrå dei andre på den siste etappen i Tour of Norway. Fleire profflag sat bak og forsøkte å hente Vangstad inn, men hadde ikkje sjans.
Alpers trur ikkje at Vangstad kan rekne med å skrive proffkontrakt denne sesongen.
– Han har nok sklidd litt under radaren til mange heilt fram til no. Han er nok ikkje den neste nordmannen som vert proff. Men i 2016 trur eg han er proffsyklist, seier han.
- Les også: No vil sykkelkometen bli proff
Har ikkje fått tilbod
Sykkeleksperten trur Vangstad kan markere seg på eit profflag allereie om 3-4 år.
– Då er han proffsyklist og hjelper til på eitt av dei store laga. Så får han lov til å gå sjølv for eigne sjansar i dei mindre ritta. Eit par år seinare håper eg det går med han, som med dei andre norske toppløparane, at han er ei av dei store stjernene i eitt av dei store laga, seier Alpers.
Andreas Vangstad har fått mykje merksemd i mediene etter sigeren. Førebels har han ikkje høyrt noko frå storlaga.
– Det har ikkje komme noko som eg har fått med meg i alle fall. Det får komme når det eventuelt kjem, seier han.
– Må skunde seg langsamt
Dag Otto Lauritzen frå Grimstad starta sjølv med sykkel godt ut i 20-åra. Lauritzen vann mellom anna ein etappe i Tour de France i si karriere.
– Om nokre år trur eg vi får sjå han i proffane sine rekke. Men han må få lov til å skunde seg langsamt. Vi må hugse på at han framleis er fersk, seier han.
Vangstad byrja med sykkel for tre år sidan. Før det dreiv han med orientering, men ein skade gjorde at han til slutt valde sykkel.
– Den bakgrunnen gjer at han har ein stor motor. Han vann eit løp med internasjonal klasse og deltaking, der mange av ryttarane deltek i mellom anna Tour de France. Måten han vann på viser at han har ein spesiell klasse, seier Lauritzen.