Hopp til innhold

Vil bruke 500 mill på Lutelandet

Lutelandet Offshore vil bruke enorme skip til å frakte heile toppdeksel på oljeplattformer til Lutelandet.

Tor Gjertsen

TO OG EIT HALVT ÅR:Det vil ta to og eig halvt år å byggje tørrdokka på Lutelandet, opplyser administrerande direktør i Lutelandet Offshore, Tor Gjertsen.

Foto: pressefoto

Sjølv om det etter fleire års drift ikkje er hogd opp ei einaste oljeplattform på Lutelandet, har Lutelandet Offshore på ingen måte mista trua.

Utrangerte oljeinstallasjonar blir i dag demonterte bit for bit ute på feltet, men no er planen at eit spesialskip skal frakte heile toppdeksel på plattformene til Lutelandet.

Spesialfarty

– Spesialfartyet, som er under bygging ved eit verft i Sør-Korea, vil bli 382 meter langt og 117 meter breitt. Det vil kunne løfte av heile toppdekselet på plattformene og frakte det til Lutelandet. Dette er ein heilt ny måte å gjere det på. I dag blir plattformene demonterte bit for bit ute på feltet, seier administrerande direktør i Lutelandet Offshore, Tor Gjertsen.

Enorm tørrdokk

Dette krev at det må byggjast ei enorm tørrdokk til nærare ein halv milliard kroner på Lutelandet.

– Tørrdokka vil ha ein byggeperiode på to og eit halvt år og koste opp mot 500 millionar kroner. Vi vi trenge om lag 150 mann i eit år på å demontere og destruere kvar enkelt plattform, seier Gjertsen.

Usikker på marknaden

Stig Andersen, administrerande direktør ved Bergen Group Hanøytangen, meiner på si side at marknaden for destruering av gamle oljeplattformer er svært usikker.

– Vi vil i dag ikkje investere store summar i denne marknaden, seier han.