Hopp til innhold

Har investert 100 millionar - men arbeidsplassane har ingen sett

Etter seks år og investering av 100 millionar kroner er det nesten ikkje skapt nye faste arbeidsplassar på Lutelandet i Fjaler.

Lutelandet i Fjaler

100 MILLIONAR: Trass store investeringar let fast ny aktivitet vente på seg på Lutelandet i Fjaler.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det er investert for 90 millionar kroner i industri- og kaianlegg i prestisjeprosjektet, men fast ny aktivitet let vente på seg.

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, er skuffa.

– På eitt eller anna tidspunkt må ein sjå at det ein legg inn i det i form av offentlege midlar gir ein avkasting i form av utbyte eller skaping av arbeidsplassar.

I alt 100 millionar er brukt

Selskapet Lutelandet utvikling skulle bli ein base og trekkplaser for industriell utvikling på kysten av Sogn og Fjordane. Det har vore brukt om lag 10 millionar offentlege kroner på drift av selskapet, som er eigd fylkeskommunen og kommunane Fjaler, Askvoll, Hyllestad og Solund.

Private aktørar har brukt 90 millionar kroner på eit moderne industri- og kaiområde. Demontering av store installsjonar frå oljeindustrien og ulike vindkraftprosjket skulle vere hovudsatsinga. Men så langt har lite skjedd. Djuvik ventar at det skjer noko snart.

– Viss ikkje bør vi nødvendigvis disponere desse pengane på ein annan måte.

(Artikkelen held fram under biletet).

Planane for Lutelandet Offshore AS

STORE PLANAR: Slik skal det ta seg ut når aktiviteten er i gang.

Foto: llof.no

– Målet er 250 arbeidsplassar

Stein Arne Ottesen, dagleg leiar i Lutelandet Utvikling, avviser at prosjektet har vore mislukka. samtidig vedgår han at det kunne vore skapt fleire arbeidsplassar.

– Det har vore ein del arbeidsplassar i anleggsperioden, faste arbeidsplassar er det veldig få av. Men målet vårt er å skape rundt 250 arbeidsplassar dei nærmaste åra.

– Men er det ikkje skuffande at det ikkje er skapt faste arbeidsplassar?

– Eg synest ikkje det er skuffande i det heile. Eit slik stort prosjekt tek tid.

Men Djuvik meiner det er grenser for kor lenge ein skal vente på at arbeidet resulterer i aktivitet og arbeidsplassar.

– Det er litt skuffande, for vi har halde på med dette prosjektet iallfall så lenge eg har vore fylkespolitikar.

Lutelandet i 2007

SLIK VAR DET: Lutelandet i 2007, før anleggsarbeidet tok til.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK