Selskapa Lutelandet Offshore AS i Fjaler og Scanmet AS på Stord har inngått ein intensjonsavtale der dei har som mål å samle verksemda i dei to selskapa på Lutelandet i Fjaler.
Lang erfaring
Dei to selskapa har også som mål å gå saman i eit eige selskap som skal drive opphogging og demontering av oljeinstallasjonar på Lutelandet, skriv selskapa i ei felles pressemelding.
Scanmet AS har drive med demontering av plattformer sidan 1996. Selskapet har i dag kring 12 tilsette på Stord, men har i periodar med mykje arbeid vore oppe i 35 tilsette.
På plass i 2013
Til no har dei attvunne meir enn 150.000 tonn stål i anlegget på Eldøyane på Stord. Det er denne verksemda dei no ønskjer å flytte til Lutelandet.
Scanmet er mellom anna tildelt oppdraget med å demontere ei lastebøye frå Draugenfeltet for Shell og er no i marknaden for fleire andre oppdrag. Demonteringa av Draugen-bøyen skal etter planen skje på Lutelandet i 2012-2013.
- Svært mykje av det som har vore rive og demontert i Nordsjøen så langt har skjedd på felta lengst sør. Dei komande åra skal ei rekke store felt og installasjonar avviklast i den nordlege delen både i norsk og britisk sektor. I forhold til desse prosjekta ligg Lutelandet perfekt plassert, heiter det i pressemeldinga.