Hopp til innhold

Ventar 250 industriarbeidsplassar

Utbygginga på Lutelandet gir stor tru i regionen på at framtida for eit industrieventyr, innan offshore vindkraft, ligg på den forblåste flata i havet.

Planane for Lutelandet Offshore AS

LUTELANDET: Planane om offshore vind på Lutelandet skal gje positive verkandar i regionen.

Foto: llof.no

Både næringslivsfolk og politikarar møtte opp på Lutelandet då Svein Arne Ottesen og petroleumsforeininga i sogn og fjordane inviterte på omvisning tysdag ettermiddag.

Lutelandet

LUTELANDET: Her håpar dei på stor-industri.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– No er eg er heilt sikker på at dette vil bli eit stor industrianlegg med mange arbeidsplassar, seier Ottesen.

Men før eventyret kan starte er det ei rekkje utfordringar som må på plass. Mellom anna utsleppsløyve.

– Då kan arbeidet avsluttast med å gjere anlegget klart for å ta imot oljeplattformer som skal rivast og demonterast. I tillegg førebur vi at Statoil sitt testanlegg for offshore vind.

Megaindustri

Offshore vindkraft er på veg til å bli ein megaindustri i Europa. Målet er at ei av kapitla i industrieventyret skal handle om Lutelandet. Men det er mykje som står att.

- Vi har utfordringar når det gjeld å finansiere ei utbygging og infrastruktur. Men også rundt utgravingar av kulturminner og å få anlegget miljømessig slik det skal vere i tråd med dei krava som er i dag, seier Ottesen.

Erling Sande

POTENSIALE: Erling Sande trur Lutelandet har eit stort potensiale.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Men leiar og energi- og miljøkomiteen Erling Sande trur Lutelandet har eit enormt potensiale.

– Dei spennande planane som no i fyrste omgang er knytte til vindkraft kan vere starten på noko veldig stort, det er ein kjempemarknad. Vi veit i Norge ligg dette litt fram i tid, men i Europa er dette i høgste grad ein realitet allereie.

Solund ventar fleire innbyggjarar

Om alt går som planlagt kan altså Lutelandet bety mykje for regionen rundt.

Mellom anna i Solund, der det bur 862 menneske, ordførar Gunn Åmdal Mongstad har allereie byrja å førebu seg på mange fleire til kommunen.

Gunn Åmdal Mongstad

POSTITIV: Ordføraren i Solund bur seg på å få fleire innbyggjarar.

Foto: Solund Kommune

– No må jo kommunane samarbeide om infrastruktur, vi må ha gode kommunikasjonar her, vi må legge til rette for bustadområde ikkje minst og vi må bu oss på å få langt fleire innbyggjarar.