Hopp til innhold

Grønt lys for vindmøller i Fjaler

Fredag kom klarsignalet Fjaler kommune har venta lenge på. Lutelandet Energipark AS har fått løyve til å byggje og drive Lutelandet vindkraftpark.

Lutelandet

KLARSIGNAL: Lutelandet ligg i Fjaler kommune langt ute på kysten.

Foto: Merete Høidal / NRK

- Dette er vi veldig glade for, seier ordførar i Fjaler, Arve Helle til NRK.no.

Initiativet til vindkraftparken på Lutelandet i Fjaler kom frå kommunen allereie i 2004. Sidan har det vore arbeidd med å realisere planane og i dag kom endeleg svaret frå Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Dei gir Lutelandet Energipark AS konsesjon til å byggje eit anlegg på inntil 45 megawatt, med utgangspunkt i 15 vindturbinar, kvar på 3 megawatt. Dette vil kunne gje straum til 7500 husstandar.

- Viktige inntekter for kommunen

Helle seier vindmøllene vil gje verdfulle skatteinntekter til kommunen.

- For kommunen vil dette bety ein del inntekter i form av eigedomsskatt. I tillegg vil det bety aktivitet på området. I form av arbeidsplassar er det ikkje det store talet, seier Helle.

NVE har i si godkjenning av vindparken lagt vekt på at anlegget vert liggande nært eit industriområde. Dei vurderer det også slik at fordelane med anlegget er fleire enn ulempene.

Ei føresetnad for vindparken er at den nye kraftlinja mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre vert ferdigstilt. Det vil difor ta litt tid før anlegget står klart til bruk, men det er venta at parken kan vere i drift i løpet av 2014.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arbeid på Lutelandet

HER VERT DET AKTIVITET: Etter at NVE fredag gav klarsignal for vindmøller på Lutelandet vil aktiviteten framover vekse.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Dette er svært gledeleg

- Dette er eit viktig steg i riktig retning fordi dette inngår i planane våre for å utvikle Lutelandet til eit område for fornybar energi, seier Helle.

Også styreleiar i Lutelandet Energipark, Stig Svalheim er glad for klarsignalet frå NVE.

- Vi håpar å ha ein testturbin i drift på Lutelandet neste år, og planlegg for å ha det kommersielle vindkraftanlegget på plass så raskt som råd etter at kraftlinja mellom Ørskog–Fardal står ferdig til å ta imot kraft, seier Svalheim.

Ja, også til utsleppsløyve

I tillegg til klarsignalet for vindparken på Lutelandet har det kome endå eit positivt signal for industriverksemd i området.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har nemleg gjett utsleppsløyve til Lutelandet Offshore AS. Det betyr at det no ligg til rette for at dei kan nytte området til riving av gamle oljeplattformar frå Nordsjøen.

Lutelandet Offshore AS har søkt om å få drive med riving av utrangerte oljeplattformar. Dette vil føre til utslepp av ureina vatn, støy, støv og lukt.

Lutelandet Offshore kjem til å produsera store mengder farleg avfall, og lyse kraftig opp i eit elles lite utbygd område, skriv Fylkesmannen i si grunngjeving.

- Det er ein veldig god dag for Lutelandet og dei planane vi har for framtida der, seier Helle.