Hopp til innhold

I dag skal seks toppkandidatar fortelje kvifor dei fortener stortingsmandat

I dag skal seks parti avslutte serien av utspørjingar i NRK Sogn og Fjordane framfor stortingsvalet.

Utspørjing onsdag

SKAL I ELDEN: Frå venstre øvst: Tor Øyvind Westbye (Miljøpartiet Dei Grøne), Ingunn Kandal (Raudt), og Magnar Hellesøy (De Kristne). Nede frå v: Asbjørn Massnes (Kystpartiet, Øyvind Nondal (Piratpartiet), og Svein Otto Nilsen (Demokratene). Alle seks skal i utspørjing på radioen onsdag.

Foto: NRK

Utspørjar Erlend Blaalid Oldeide skal stille spørsmål til toppkandidatane til Miljøpartiet Dei Grøne, Raudt, Piratpartiet, De Kristne, Demokratene i Norge og Kystpartiet.

Tor Øyvind Westbye frå Førde svarar for Miljøpartiet Dei Grøne, Ingunn Kandal frå Gloppen for Raudt, Øyvind Nondal frå Sogndal for Piratpartiet, Magnar Hellesøy frå Fjaler for De Kristne, Svein Otto Nilsen frå Trondheim for Demokratene og Asbjørn Massnes frå Høyanger kommune for Kystpartiet.

Det er som nemnt Erlend Blaalid Oldeide som stiller spørsmåla, men du kan gje han tips om aktuelle spørsmål og tema. Det kan du gjere i ein e-post til sf@nrk.no.

Tidlegare utspørjingar har blitt direktesende i nett-TV. Dagens utspørjing blir berre sendt i radioen. Du kan høyre sendinga på nett her.

Dette er altså den siste utspørjinga av toppkandidatar framfor dette stortingsvalet. Tidlegare har sju parti vore i studio og svart for seg. Her kan du sjå korleis dei greidde seg.

Men no er det seks mindre parti som skal prøve å overtyde veljarane om at dei fortener ein stortingsplass. Og du kan altså vere med på å sette dagsorden, ved å sende spørsmål eller synspunkt i ein e-post til sf@nrk.no.