Hopp til innhold

Har tru på tillit, trass i ordførar-vraking - går for plass på tinget

Trude Brosvik vart vraka som Gulen-ordførar ved førre val. Men det brennande engasjementet meiner ho skal hjelpe ho på vegen mot plass på Stortinget.

Created by InfoDispatcher

VAL 2013: Slik svara Trude Brosvik (KrF) i utspørjinga.

– Når du er attvald tre gonger som ordførar, så tenkjer eg det er ei vinkling som er vel

såpass. Eg stod til val ved førre stortingsval, men då fekk ikkje KrF eit mandat. Vi stiller liste no, og håpar på at vi får det. Eg stiller meg til rådvelde fordi eg brenn for fylket, og for menneskeverd, og for viktige saker for folk flest, seier Brosvik.

Under utspørjinga direkte på NRK Sogn og Fjordane si dagsending, let ikkje Brosvik seg vippe av pinnen av at ho mista vervet som ordførar.

– Men førre gong var du ordførar og fylkesleiar, utan å nå opp. No er du ingen av delane. Kva er grunnen til at veljarane skal velje deg no, når dei ikkje har gjort det tidlegare?

– Dei må velje på grunnlag av politikken og tillit til meg som person, seier Brosvik.

Åtvara mot Høgre og Frp

Brosvik gjer for andre gong eit forsøk på å komme på Stortinget. KrF hadde fast plass på tinget fram til valet i 2005.

Då hadde partiet lidd stor regjeringsslitasje, og Per Steinar Osmundnes, som partiet valde framfor Brosvik, klarte ikkje å halde partiet på tinget.

Brosvik fekk så sjansen i 2009 utan hell, men har no meldt seg til teneste igjen

For nokre dagar sidan sa Brosvik at det verste som kan skje landbruket i fylket er ei regjering med Høgre og Frp.

– Kvifor åtvarar du mot dei som skal vere dine samarbeidspartnarar etter valet?

– Skal du berre ta det eine spørsmålet, så meiner eg det er verst. Fordi dei ikkje ser ut til å skjønne korleis landbruk på Vestlandet fungerer, seier Brosvik.

Landbruk kan vippe forhandlingane

At det dermed kan verte krevjande å samarbeide om denne saka, er ho klar på.

– Eg må berre håpe at KrF vert så sterkt og stort som mogleg, for det skal forhandlast, og vi går ikkje inn på kva som helst med tanke på landbruk, seier Brosvik.

Ho understrekar at det er ei pakke som skal forhandlast om, og at landbruk er viktig for KrF.

– Tapar vi alt innanfor landbruk, så er ikkje vi med i regjering. Det tvilar eg på, seier Brosvik.

– Men då kan du få den blå-blå regjeringa som du åtvarar mot?

– Då vil ho ikkje vere veldig levedyktig i eit storting, seier Brosvik.

Vil helst ha eit samla sentrum

Kven av dei andre partia ho helst ønskjer samarbeid med, er ho klar på.

– Eg har veldig lyst til at sentrum i norsk politikk skal komme att som ei politisk samla kraft. Eg trur det er det beste for Sogn og Fjordane at KrF, Sp og Venstre samarbeider, seier Brosvik.
Men ho ser også at delar av Ap og Høgre legg seg inn mot delar av sentrum.

– På sikt, kven veit, seier Brosvik.

At veljarane ikkje synte ho den tilliten sist, gjer ikkje at ho mister motet framfor haustens val.

– Eg trur det var litt andre ting som gjorde det førre gong. Det vart veldig køyrt på regjeringsalternativ, og den biten. Eg trur eg har noko å bidra med frå Sogn og Fjordane inn på Stortingsbenken, seier Brosvik.

Treng ikkje vere kristen for å stemme KrF

Brosvik ser også gjerne at dei som har eit anna livssyn enn kristendom også stemmer KrF.

– Nettopp fordi dei kristne verdinormene som vi byggjer samfunnet på, på mange måtar er allmenngyldige, dei er gode for familiane, dei er gode for utviklinga av samfunnet. Eg har til gode å møte nokon som oppriktig meiner at ein tek skade av å syngje bordvers i skulen, eller at ein ikkje bør ha eit samarbeid mellom skule og kyrkje på einskilde område, seier Brosvik.

– Er kristendom ei meir riktig tru i Norge enn noko anna?

– Som politikar så kan ikkje eg seie at den eine trua er meir rett enn den andre, sjølv om eg meiner det som medlem i den norske kyrkja, seier Brosvik.

Har ei lang politisk karriere

Brosvik er ein politisk veteran. 51-åringen frå Gulen har vore politisk aktiv sidan ho kom inn i lokalpolitikken som 22-åring, og har vore ordførar i heimkommunen i 12 år, eit verv ho mista ved sist val. Ho var på fylkestinget ein periode på 90-talet, og gjorde comeback for seks år sidan.

Ho vart fylkesleiar for KrF i 2006, men trekte seg i samsvar med partivedtektene, etter seks år. Ho har hatt viktige tillitsverv i partiet sentralt, mellom anna i sentralstyret og programkomiteen. Ho har og har hatt ei rekkje krevjande styreverv.

Ho har også vore mellom kandidatane til nestleiarvervet i partiet sentralt, men har ikkje nådd opp. Etter at ho vart vraka som ordførar i førre val, har ho no jobb som kyrkjeverje i Gulen.