Hopp til innhold

Venstre først ut i valutspørjingane: Rotevatn vil skrote heile pelsdyrnæringa

Venstre sin toppkandidat Sveinung Rotevatn er krystallklar i sin dom mot pelsdyrnæringa. Han krev ei avvikling av alle pelsdyrfarmane så snart som råd er. I dag var han først ute av toppkandidatane i NRK Sogn og Fjordane si valutspørjing.

Sjå Utspørjing av Sveing Rotevatn (V).

Val 2013: Utspørjing av Sveing Rotevatn (V)

Som leiar for Unge Venstre i fleire år og sentral mellom anna i Europeisk Ungdom og Noregs Mållag, har Sveinung Rotevatn frå Eid vore sett på som eit politisk talent.

No er han ein av fleire toppkandidatar som er med i kampen om utjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane.

– Graverande forhold

I utspørjinga direkte på NRK Sogn og Fjordane si dagsending, vart han mellom anna sett til veggs om pelsdyrnæringa. Og han står på sitt klare nei.

– For 10 år sidan hadde Venstre landbruksministeren. Då leverte vi dyrevelferdsmelding til Stortinget som tok sikte på å styrke dyrevelferden i Norge. Den gongen i 2003 såg ein at det var ganske graverande forhold i pelsdyrbransjen og at dette måtte ein gjere noko med. Det vi då gjorde var at vi var heilt ærlege med næringa og sat no har de 10 år på å rydde opp, dersom det ikkje blir rydda opp så er vi nøydde til å sjå på andre løysingar, sa Rotevatn.

No har det gått ti år og det Venstre har konkludert med no er at vi ser at dyrevelferden ikkje er tilstrekkeleg god nok i den næringa

Sveinung Rotevatn (V)

– Ikkje godt nok

– No har det gått ti år og det Venstre har konkludert med no er at vi ser at dyrevelferden ikkje er tilstrekkeleg god nok i den næringa. Det er problematisk, og då meiner vi at det er tide for å kome med omstillingspakkar og vri om til anna verksemd, slik at ein ikkje lenger driv med pelsdyroppdrett i Norge av dyrevelferdsomsyn. Vi går for ei avvikling og ei omstilling, meiner Venstre-toppen.

Han peikar på at det er mange som driv med pelsdyr driv med det ved sidan av annan gardsdrift.

– Av dei pelsdyrfarmarane som har lagt ned dei siste åra så har 95 prosent blitt verande på garden og gått over til annan produksjon. Så eg trur dette skal gå heilt fint i dialog med næringa. Det er rett at vi har teke det standpunktet i likskap med til dømes SV og Arbeidarpartiet.

Av dei pelsdyrfarmarane som har lagt ned dei siste åra så har 95 prosent blitt verande på garden og gått over til annan produksjon.

Sveinung Rotevatn (V)

– Ikkje einskildhendingar

– Men er det rett å vedta ein slik prinsipiell politikk på bakgrunn av einskildhendingar, eller meiner du at heile næringa er problemet?

– Det er ikkje vedteke på bakgrunn av einskildhendingar. Det er vedteke med bakgrunn i ein ti år lang prosess som var grundig i Stortinget, og som har vore grundig dokumentert frå Mattilsynet som har gjort inspeksjonar.

– Men det er ikkje alle i pelsdyrnæringa som bryt lovene?

– Nei, det er det ikkje. Og eg ønskjer ikkje å mistenkeleggjere nokon pelsdyrbønder som sådan. Eg veit at mange pelsdyrbønder er glade i dyra sine og gjer ein veldig god jobb så godt dei kan. Men biletet av bransjen som heilskap meiner eg no er så negativt med tanke på dyrevelferd at det er på tide å gå vekk frå det, sler Rotevatn fast.

Også kritisk til burhøns

Han legg til at at det er veldig mykje fokus på pelsdyr, og at det kanskje er forståeleg.

– Men også innanfor matproduksjon meiner eg at det er mykje ein treng å rydde opp i. Til dømes tilhøva for burhøns rundt om kring. Eg er oppteken av at vi skal ha ei brei tilnæring til dyrevelferd. Vi meiner at ein må styrke Mattilsynet og eventuelt skilje ut einskilde deler av tilsynet for å berre jobbe med dette, slo Rotevatn fast i den første partiutspørjinga på lokalradioen.