Hopp til innhold

– Eg har ikke alltid valt meg dei mest «sexy sakene»

Ingrid Heggø (Ap) vart politikar nummer fire ut i NRK Sogn og Fjordane si utspørjing av listetoppane til dei politiske partia.

Valutspørjing Ingrid Heggø

SJÅ: Heile utspørjinga av Ingrid Heggø (Ap).

Listetoppen til Arbeidarpartiet fekk ei lang rekkje spørsmål, både om E39 og sjukehussaka.

Innleiingsvist vedgjekk likevel Ingrid Heggø at det gjerne er saker for spesielt interesserte, men likevel viktige saker, som har engasjert henne mest.

– Eg har ikkje alltid valt meg dei mest sexy sakene å marknadsføre på, men samstundes meiner eg at ein har att for å jobbe målretta for å få opp arbeidsplassar i fylket, sa Heggø.

Industrisaker

Fødd i Balestrand, tok Heggø til i lokalpolitikken i Høyanger på 1990-talet. Sidan 2005 har ho sete på Stortinget. I tillegg har ho sete som medlem av det mektige sentralstyret i Arbeidarpartiet.

Inneverande periode er 42-åringen medlem av Næringskomiteen. Og det gjennom næringssaker at Heggø har markert seg mest.

– Spesielt innan den kraftkrevjande industrien har dei fått nærast alt dei har bede om. Frå langsiktige kraftkontraktar til Co2-kompensasjon. Vi har fått opp den landbaserte industrien i høve til petroleumsindustrien, mellom anna gjennom pakkar i finanskrisa, seier ho om saker ho har kjempa for.

– Ting tek tid i politikken

– Kvifor går du ikkje for, som du seier, dei sexy sakene?

– Eg vel dei sakene som eg trur har størst nytte for Sogn og Fjordane, og gjer ein skilnad for Sogn og Fjordane. Det har vore veldig mykje innan industrien, men då blir det også små steg heile vegen som du jobbar med. Det viser ikkje att med det same. Ting tek tid i politikken, seier ho og meiner ho framleis har mykje ugjort i politikken.

– Eg er stolt av mykje eg fått til, men eg har framleis mykje ugjort. Som å behalde 110-sentralen i Florø, og skal landbasert næringsliv ta kostnadene for kraftlinene som blir bygt i Norge no, så vil det vere kroken på døra for mange.

Sjå heile utspørjinga i videoen over.

ANDRE UTSPØRJINGAR: