For fire år sidan pakka ho og mannen Pål i hop alt dei hadde i Bergen, og sette kursen for den veglause garden på Tangenes i Solund. Lengst vest i Norge skulle dei få oppfylt draumen om eit liv på landet.
– Eg er utdanna agronom og har alltid hatt lyst til å drive gard. Så fekk vi ungar og tida gjekk, samstundes som vi leita etter ein gard i Nordhordland i fleire år før vi slo til på Tangenes i Solund, seier Trude.
Den veglause garden dei fann ligg i Solund kommune, som er ein av landets minste kommunar med berre 785 innbyggjarar.
Dei er i ein motstraum
Men sjølv om Trude og familien valde å flytte frå storbyen, så er dei slett ikkje åleine om det. Storbyane opplever stadig større tilflytting, men mange dreg også andre vegen, fortel forskar ved Statistisk sentralbyrå, Lars Østby.
– Til kvar ein stor flyttestraum inn mot sentrale strok, så opplever vi alltid ein tilsvarande motstraum, seier Østby til NRK.
Det forskarane ser er at flyttestraumane i all hovudsak går frå landbruksområde til urbane område og frå spreiddbygd til tettbygd.
– Byane og dei bynære områda har netto innflytting. Flyttestraumane går i alle retningar, seier Østby.
Bur i naturen
For Trude Søilen og familien handla det mykje om verdiar. Dei ville bu i pakt med naturen, utan nære naboar og i stor grad måtte klare seg sjølve.
– Det er jo ikkje alle som har lyst til å bu på ein slik måte og ha det såpass tungvint. Nokon tykkjer jo det er herleg å ha butikken like i nærleiken. Det kjem heilt an på kva ein ønskjer seg, seier Trude.
Gamal forsking blir ny viten
Og det gjev forskar Lars Østby ho heilt rett i, med ei grunngjeving som går heilt tilbake til 1885 og arbeidet til den tysk-britiske statsvitaren Ernest George Ravenstein (1834–1913).
Ravenstein peika mellom anna på følgjande:
- Kvar ein flyttestraum skapar ein tilsvarande straum i motsett retning
- Folk fødd i byar flyttar meir enn folk frå landsbygda
- Kvinner flyttar meir enn menn
Kunne ha reist heim
Søndag 25. oktober møter ein Trude, mannen Pål og dei tre borna i første episoden av den nye sesongen av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
Trude Søilen si forklaring på at det går an å busetje seg på ein stad som Tangenes handlar mykje om viljen til å gjere det ein drøymer om.
– Det treng ikkje å vere eit så stort steg. Vi kunne jo ha reist heim om det ikkje fungerte, slår ho fast.