Det går stadig nye ras langs vegane i Sogn og Fjordane, og i 19.30-tida fekk NRK meldingar om at E39 gjennom Våtedalen var stengd av ras.
Egil Høyvik som køyrer lastebil for Nistad Transport var blant dei som vart ståande å vente.
– Eg vart først stogga på Egge. Der vart eg fortalt at det hadde gått ras i Våtedalen. Eg venta ei stund før det kom ei kø frå Våtedalen i retning Byrkjelo, og ein kollega av meg fortalde at det låg nokre småstein i vegbana inne i dalen.
- LES OGSÅ:
Lenge var situasjonen uavklart
Høyvik valde då å køyre vidare innover i dalen. Etter nokre kilometer vart han stogga av mannskap frå brannvesenet som nekta han å køyre vidare.
– Vi fekk beskjed om å vente til entreprenøren hadde vore på staden, seier Høyvik.
Han vedgår at det er skummelt når situasjonen er så uavklara, men kjente seg trygg der han stod.
Ifølgje entreprenøren skal det ha kome ned ein del stein i vegbana, men klokka 19.45 er vegen rydda.
Brannvesenet vil halde vegen stengd
Dagleg leiar Terje Brandsøy ved 110-sentralen i Sogn og Fjordane seier klokka 19.50 at brannmannskap som er på staden ønskjer å halde vegen stengd.
Brandsøy seier mannskapet hans meiner det ikkje er forsvarleg å opne vegen. Dei har no send meldinga vidare til politi og Vegvesenet som må ta ei avgjerd.
Klokka 20.00 melder Vegtrafikksentralen at vegen mellombels er stengd på grunn av ras.
Bil treft av ras
E39 gjennom Våtedalen har vore stengd og opna att i fleire omgangar fredag kveld. Like før klokka 18.30 fekk politiet melding om eit trafikkuhell med to bilar i området ved Egge.
Det viste seg etter kvart at det var snakk om ein bil som hadde blitt treft av steinar.
Personane som var i bilen skal ha kome seg over i ein annan bil og kom seg ut av dalen. Ingen av dei skal ha fått skader. Bilen som vart treft fekk større materielle skader og vart ståande att i Våtedalen. Den skal ikkje stå til hinder for trafikken.