Etter at Jasmin Mecimovic frå Makedonia skreiv under for klubben i dag, har Sogndal no sju utanlandske spelarar. I tillegg er trenaren svensk. Då fjorårssesongen starta, var det berre tre utlendingar i troppen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Trenar Jonas Olsson seier det viktigast er å behalde plassen i eliteserien.
– Vi har mange dyktige lokale spelarar, men alle er ikkje heilt klare for tippeligaen enno. Dei kan bli det om ikkje så lenge, difor er det viktig med kortsiktige løysingar for å behalde plassen vår, seier han til NRK.no.
Men framleis er 13 av 23 av spelarane i stallen fødde i Sogn og Fjordane. Det er stadig mange, men Sogndal har byrja å likne dei andre klubbane på elitenivået når det gjeld importspelarar.
– Viktig å gjere norsk fotball betre
Etter tre sesongar i eliteserien med stadig færre utanlandske spelarar, er no trenden snudd igjen. Tre dagar før seriestart var det 106 importspelarar i den øvste divisjonen, viser tal som VG Sport har henta inn. Før seriestart i fjor var talet 94. I 2009 var talet 139.
Toppfotballsjef Nils Johan Semb seier dei lever godt med desse tala og meiner det var meir urovekkjande dersom det hadde vore ein større auke.
– Talet vil variere ut frå klubbøkonomi i Norge og resten av verda. For klubbane er det viktig å treffe på importane og hente spelarar som gjer norsk fotball betre, seier Semba til avisa.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Mange som reiste
Tilbake i Sogndal seier dagleg leiar Egil B. Mundal at 2011 var eit spesielt år med ei stor gruppe lokale spelarar som hadde vore i klubben i mange år.
I ein kamp mot Rosenborg i fjor, var sju av spelarane på bana frå Sogn og Fjordane. Så mange blir det neppe i år.
– Når til dømes Mads Solheim og Even Hovland heldt fram karrierane sine ein annan stad, måtte vi hente inn nye referansespelarar, seier han til NRK.