Hopp til innhold

Sogndal vart festbrems for siddisane

STAVANGER (NRK): Det vart ein mållaus kamp på Viking stadion, men for første gong på 14 år vender Sogndal heim att frå Stavanger med poeng i sekken.

Martin Ramsland - Viking-Sogndal

KJEMPAR OM POENGA: Sogndal sin Martin Ramsland kjempa hardt, men ballen ville ikkje i mål. Midt i første omgang fekk Ramsland også gult kort for å ha veiva med hendene i hovudet på ein motspelar rett før ein duell.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Og Sogndal var ikkje langt unna å stikke av med alle tre poenga. Delar av 16. mai-festen i Stavanger vart øydelagd, men Sogndal-trenar Eirik Bakke skulle gjerne sabotert den endå meir.

– Eg føler vi hadde fortent å vinne. Viking har vel knapt farlege sjansar i heile kampen. Eg er veldig nøgd, men eg skulle gjerne øydelagt festen litt meir. Det hadde vore moro, sjølv om eg likar Stavanger-folk, seier ein flirande Eirik Bakke.

Stolt av spelarane

Sogndal bydde på sjanse etter sjanse, men klarte aldri å sette ballen inn i mål. Men det gjorde heller ikkje siddisane.

– Det er små marginar. Vi hadde størst sjansar i andreomgang, men vi torde å stå opp imot Viking. Det viser at vi har kome langt. Eg føler vi hadde veldig god kontroll og det lovar bra, seier Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..

Han er stolt over å sjå utviklinga laget har gjort dette året. For halvanna veke sidan slo dei Aalesund 4–1 på bortebane, og kampen før der var dei nære å seinke Rosenborg, før eit raudt kort til Sogndal endra kampen fullstendig.

– Vi torer å stå høgt. Gutane imponerer meg med å ta nye skalpar kvar veke, så eg ventar berre på når vi skal ta det. Vi har nesten hatt Rosenborg i seink, og no Viking, så held vi fram slik så lovar det bra, seier Bakke.

– Litt surt

Han forklarar utviklinga med at dei har flinkare til spele sjølv.

– Og det er noko vi må utvikle for å skape endå meir. Det lovar bra, men litt surt at vi ikkje får tre poeng med oss. Vi tok kampen, og det er veldig bra, men eg tykkjer litt synd på gutane, for vi er ikkje nøgde med eitt poeng, seier Sogndal-trenaren.

Sjølv om det har vore eitt par «nesten»-kampar for Sogndal, seinast i førre veke mot Tromsø (0-0), er Bakke overbevist om at ein vil sjå fleire Sogndal-kampar som den mot Aalesund.

– Alt handlar om prestasjon. Held vi fram slik så kjem trepoengar.

Laster innhold, vennligst vent..

Desse spelarane starta kampen:

Mathias Dyngeland – Taijo Teniste, Christophe Psyché, Bjørn Inge Utvik, Jukka Raitala – Gilbert Koomson, Eirik Birkelund, Babacar Sarr, Lars Christian Kjemhus – Ole Amund Sveen, Martin Ramsland

Desse starta på benken:

Stefan Hagerup, Magnus Pedersen, Hannu Patronen, Fredrik Flo, Rune Bolli Bolseth, Kristian Fardal Opseth, Mahatma Otoo