Hopp til innhold

Patronen etter raudt kort: – Dumt av meg

(SOGNDAL-ROSENBORG 1-1): Rosenborg fekk det tøft på Fosshaugane, og lenge såg det ut til at vertane skulle klare å senke trønderane – heilt til Hannu Patronen vart utvist.

Hannu Patronen si takling

TAKLINGA: Hannu Patronen taklar Jonas Svendsson og får det raude kortet.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var dumt av meg, kva anna kan eg seie. Det kosta oss tre poeng i dag, sukkar Hannu Patronen.

Midtstopparen måtte gå reine kanossagangen i mixed zone etter kampen, der Sogndal hadde Rosenborg i kne i 70 minutt. For med utvisinga av Patronen rakna heimelaget som eit korthus. Utlikninga kom også berre eit par minutt seinare.

– Rosenborg hadde ingenting før det raude kortet mitt. Men det er tøft å spele ti mann mot elleve. Dei hadde flaks at eg var dum i dag, seier den finske forsvarskjempa.

Så nær, så nær sin tredje siger

Hannu Patronen og Rasmus Mo

TUNG DAG PÅ JOBBEN: Hannu Patronen vart utvist for Sogndal, og fekk trøystande ord frå folk i klubben etter kampen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Av dei 32 gongane laga har møtt kvarandre i eliteserien, har Sogndal berre klart å hamle opp med trønderane to gonger. I dag kunne det sjå ut som at Sogndal skulle få sin tredje siger.

Babacar Sarr stod for det første målet, som kom allereie i niande minutt, i ein første omgang der Sogndal styrte det meste, og hadde fleire sjansar til å auke leiinga.

Også i andre omgang tok Sogndal sjefsrolla, men vel 20 minutt før kampslutt, vart kampen ekstra nervepirrande. For akkurat då Sogndal kunne kjenne lukta av tre poeng, vart Hannu Patronen, sendt av banen etter å ha fått sitt andre gule kort.

Då skulle det ikkje ta lang tid før Anders Konradsen utlikna til 1–1 for Rosenborg. Etter dette skifta kampen fullstendig karakter, og Rosenborg pressa heimelaget hardt.

Gjestane kom til den eine sjansen etter den andre mot slutten, men det enda 1–1 på Fosshaugane.

Sogndal - Rosenborg

BANKA INN FØRSTE MÅL: Babacar Sarr stod for det første målet i kampen, men vertane klarte ikkje å halde Rosenborg unna eige mål, etter at Sogndal sin forsvarsnøkkel Hannu Patronen (til høgre) fekk raudt kort.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Beste førsteomgangen under Bakke

Etter kampen fekk Patronen mange trøystande ord frå medspelarar og støtteapparat. Sjølv kunne han ikkje gjere anna enn å beklage.

– Eg gløymde nesten at eg hadde gult. Men eg var for sin i taklinga, vedgår han.

Mdistopparen er nøgd med Sogndal sine prestasjonar heilt fram til utvisinga. Det er også trenar Eirik Bakke.

– Førsteomgang er det beste vi har levert her. Det er berre så synd vi ikkje set det andre målet. Hadde fått maks ut av førsteomgang, hadde vi leia 2-0, seier han.

– De kollapsar litt etter det raude kortet?

– Ja, men vi møter eit godt lag. Eg trur vi heller skal sjå på at dei ikkje hadde eit skot på mål medan vi var fulltalige. Det seier alt om den jobben vi la ned, seier Bakke.

Ein dårleg dag for Rosenborg

Rosenborg-trenar Kåre Ingebrigtsen er mest oppteken av å rose Sogndal for ein god kamp. Sjølv meiner han trønderane hadde ein dårleg dag.

– Sogndal var klart betre enn oss i første omgang. Utover i andre omgang er vi det klart beste laget. Alt i alt greitt med uavgjort, seier han.

– Du gjorde tidlege byte?

Ja, det funkar jo ikkje utpå der. Så eg vi ville bli meir direkte i andreomgang. Då fekk vi luka bort ein del.

– Kor avgjerande var utvisinga for at de klarte å utlikne?

– På slutten trur eg det hadde blitt brukbart press mot Sogndal uansett.

Laster innhold, vennligst vent..