Hopp til innhold

Endeleg bur dei trygt – riv gamlehuset tre år etter skredet

Tre år har gått sidan eit enormt snøskred nesten tok huset til familien Berge i Fjærland. No skal huset rivast, etter at familien har fått ein trygg plass å bu.

Flytta til eit trygt hus tre år etter raset

ENDELEG TRYGGE: Familien Berge i Fjærland kan endeleg kjenne seg trygge etter at dei ved nyttår flytta til eit nytt hus. Det førre var nær ved å bli tatt i eit ras i 2011.

Foto: Hans Haugen/Tone Berge / Montasje

– Det har vore godt å bu der i vinter. Det kjennest godt å vere trygg når ein legg seg, seier Inge Berge.

Litt vemodig

Det var i april 2011 at det store skredet stoppa berre frå meter frå huset der han, kona og borna budde. Huset ligg ved Skrea, midt mellom Mundal sentrum og bremuseet i Fjærland. Familien blei evakuert, noko dei også blei vinteren etter. NVE ville ikkje godkjenne bygging av ein rasvoll og dermed blei det ingen rassikring i området. Difor blei det bestemt at familien skulle flytte til ein annan stad i bygda.

Huset Inge Berge er oppvaksen i blir no rive.

– Me har valt å ikkje bruka så mykje energi på dei tankane. Me vel å tenkja på det me har. Det har vorte slik at det skal rivast. Det har me innfunne oss med, seier Berge.

– Er det likevel litt vemodig?

– Eg er oppvaksen i tunet der, så sjølvsagt er det vemodig at huset skal rivast. Men det er sånn det blei, seier Berge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flyttar huset tre år etter raset

BLIR RIVE: Huset som nesten teke av eit gedigent snøskred i 2011, blir no rive.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Kan endeleg bu trygt

No gler dei seg berre over at dei endeleg kan bu trygt.

– Du kjente det på kroppen når det var dårleg vær. No tenkjer vi ikkje på det lenger nokon av oss. Det er ei god kjensle. Så me er kjempenøgde med dei som har vore med oss i denne prosessen, seier Berge.

– Det har vore ein lang prosess, men det har vorte svært bra til slutt.

Inge og Tone Berge.

DEN GONG DÅ: Inge og Tone Berget står framfor huset dagen etter storskredet i 2011.

Foto: Oddleif Løset / NRK