Ordføraren: - Glad at det gjekk bra

Seint laurdag kveld gjekk det eit kjempestort skred i Fjærland. I dag var ordføren i Sogndal kommune på plass for å sjå på skredet som hadde komme ned.

– Eg fekk melding i natt om at det hadde gått eit snøskred, men fekk samstundes melding om at ingen var skadde, seier han.

Han fortel om svært store snømengder som har kome nedover fjellsida.

Familie evakuert

Skredet gjekk i 22.30-tida ved Skrea i går kveld, midt mellom bremuseet og Mundal. Det løpet som gjekk i går vert kalla Høyskreda. Det andre store løpet som kan strekke seg fram mot fylkesvegen heiter Gråskimla. Det har ikkje gått frå toppen av fjellet Skrenipa endå.

Ein familie på fire er no evakuerte til fredag på grunn av at det er meir snø oppi fjellsida og fordi det er meldt dårleg ver i veka som kjem.

Jarle Aarvoll

SÅG PÅ SKREDET: Sogndalsordførar Jarle Aarvoll var i dag i Fjærland.

Foto: Arne Eithun / NRK

– Eg er veldig glad for at det gjekk bra med både folk og hus, når eg ser kva krefter som har vore i sving, seier ordføraren.

– Viktig med geolog

Raset kom i ein veldig fart nedover og stoppa berre få meter frå huset.

– Det rasar her kvart år, men dette er ein del større enn tidlegare.

Huset blei bygd i 1995. Også i 1997 kom det eit stort skred i same området. Ordføraren meiner likevel det er trygt å bu der. Han er glad for at geologen kom så kjapt til staden og fekk vurdert den vidare rasfaren.

– Det viser kor viktig det er å ha geolog tilgjengeleg. Dei sit med mykje og viktig kunnskap. No blir det nye vurderingar utover i veka og det er politiet som har hovudansvaret no, seier han.