Hopp til innhold

Fjærland-familie må flytte frå skredutsett heim

Fare for snøskred tvingar truleg familien Berge til å flytte frå huset sitt i Fjærland.

Tone og Inge Berge ser på skredet som nesten tok huset deira.

NY VINTER: Familien Berge i Fjærland kan bu seg på nok ein vinter i snøskredutsett hus.

Foto: Oddleif Løset / NRK

NVE ville ikkje godkjenne bygging av ein rasvoll i Skreda i Fjærland, og klagen til Sogndal kommune førte heller ikkje fram.

Dermed blir det ingen rassikring i området.

– Vi har no lyst til å bu der, men alternativet er no slik at det vart slik, så då må vi berre gjere det beste ut av det, seier Inge Berge.

Må truleg flytte

Berge og familien hans bur knappe ti meter frå der eit veldig snøskred kom ned i april i fjor. Skredet la seg nærast inn til husveggen og familien vart evakuert .

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Skredet stoppa få meter frå huset

SJÅ TV-SAK: Skred stoppa få meter frå huset til familien Berge i Fjærland.

Også i vinter såg familien seg nøydde til å evakuere då skredfaren vart vurdert som svært stor . Familien har lenge hatt håp om ein rasvoll slik at dei kan få bu i huset sitt. I går var Berge i møte med kommunen for å leggje planen vidare.

– Der kom det fram at det er nytt hus i forhold til rasvoll, seier Berge.

Ser etter løysingar

For NVE vil ikkje byggje rasvoll og saman med kommunen må familien no sjå seg om etter andre løysingar.

– Det er kanskje først og fremst å finne ein annan bustad; å flytte huset eller å bygge hus på ein annan stad, seier Jostein Aanestad, rådmann i Sogndal kommune.

Nøgde med løysing

– Er du nøgd med løysinga?

– Dersom det blir slik vi diskuterte på møtet no, så ligg det an til å bli bra, vedgår Berge.

Hadde NVE godkjent bygging av rasvoll, ville dei teke 80 prosent av rekninga, medan kommunen tok seg av dei siste 20 prosentane.

– Fleire må medverke

Kven som skal betale for flytting av huset, eller bygging av eit nytt, er førebels uvisst.

– Vi kjem nok til å spørje NVE om dei har høve til å medverke i ein slik samanheng. Det vil sikkert vere fleire som må medverke for å realisere ei slik løysing, seier Aanestad.

Ny vinter med skredfare

Det blir jobba fort å få på plass ei løysing so fort som råd, men det blir i alle fall ein vinter meir i rasområdet for Berge.

– Forhåpentlegvis blir det i neste sommar at noko står ferdig. Men det kjem no heilt an på prosessen framover, seier han.