Får endeleg flytte heim etter skred

I to veker har familien Berge i Fjærland måtte bu vekke etter storskredet som gjekk like ved huset deira. No skal ein mellombels snøvoll verne mot nye ras.

Skred i Fjærland
Foto: Hans Haugen

Sogndal kommune har i dag vore i Fjærland for å sjå på området. Fredag ettermiddag kjem det gravemaskiner for å lage snøvoll.

- Borte bra, heime best

Laurdag 2. april dundra store snømasser ned fjellsida, og stoppa berre få meter frå huset til Inge og Tone Berge. Dei to borna var ikkje heime, men foreldra sprang for livet.

Det heile var ei skremmande oppleving, men familien er likevel klare for å flytte heim att.

- Vi har budd vekke i to veker, både på hotell og heime hjå foreldra mine. Det har gått greitt det, men vi gler oss til å kome heim. Mest truleg får vi flytte inn i huset laurdag. Borte bra, men heime best veit du, seier Inge Berge.

Artikkelen held fram under biletet.

Snøskred i Fjærland
Foto: Oddleif Løset / NRK

Kjenner seg trygge

Raset i byrjinga av april starta truleg høgt oppe i fjellet, og det har vore frykt for nye skred. Likevel er ikkje familien redde.

- Vi kjenner oss trygge. Snøvollen er ei mellombels løysing. Til sommaren startar arbeidet med ein permanent rasvoll, så det gler vi oss til, understrekar Berge.