Hopp til innhold

Her vert aksjonistane nok ein gong fjerna

ENGEBØ (NRK): Aksjonistane i Vevring rakk ikkje å sitje lenge i lenkjer før dei resolutt vart fjerna av politiet.

Poltiet kom mannsterke til Engebøfjellet for å fjerne aksjonistar som hadde lenkja seg til anleggsmaskinene

PROTEST: Aksjonistane sat ikkje lenge fastlenkja til maskinene på Engebøfjellet. Her er politiet i full sving med å fjerne demonstrantane. (Foto: Vidar Gudvangen)

Dermed heldt innsatsleiar Gunnar Englund i politiet det han lova – at demonstrantane skulle fjernast raskt. 10 politibetjentar vart transporterte opp på Engebøfjellet med traktor, saman med to betjentar frå brannvesenet.

Aksjonistane

PROTEST: Aksjonistane gir ikkje opp. Også i dag lenkja dei seg til maskinene på Engebøfjellet. Men fekk ikkje sitje lenge før onkel politi kom mannsterke.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dette er tredje dagen på rad at aksjonistane protesterer mot gruvedrift og fjorddeponi i Vevring. Anleggsmaskinane for prøveboring er på plass på toppen av Engebøfjellet. I dag lenkja fire aksjonistar seg til maskinene, men dei fekk ikkje sitje lenge.

Måtte berast vekk

Tre politimenn måtte til for å bere aksjonistane vekk frå maskinene. (Sjå video over)

– Vitsen er å få folk til å forstå kva det er vi er i ferd med å miste, sa Silje Lundberg då NRK snakka med ho tidlegare på dagen.

Ho er ein av dei fire aksjonistane og nestleiar i Naturvernforbundet.

(Artikkelen held fram under)

Tredje dagen på rad var gruvemotstandarar på plass på Engebøfjellet for å protestere mot gruvedrifta. Politiet var kjapt på plass og fekk fjerna aksjonistane

FJERNA: Etter kort tid i kulden på fjellet vart demonstrantane fjerna av 10 politibetjentar og to frå brannvesenet. (Foto: Vidar Gudvangen)

Aksjonen på tysdag markerte starten på ein varsla sivil ulydnad då 15 aksjonistar lenkja seg fast på vegen til Engebøfjellet, men vart til slutt fjerna med makt av politiet.

Tre dagar med aksjonar

Sjølv om det vanka bøter og ferdselsforbod vart ikkje demonstrantane skremde av den grunn.

Onsdag var dei på plass att. Då lenkja seks personar seg til maskinene, men dei reiste ned att av fri vilje utpå kvelden, godt fornøgd med dagens aksjon.

Ti politifolk og to brannmenn deltok i arbeidet med å fjerne dei fire som protesterte mot gruvedrift og fjorddeponi torsdag.

Politiet fjernar demonstrantane

KLIPTE: Med 10 politibetjentar på plass vart raskt demonstrantane fjerna.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK