Hopp til innhold

Innrømmer at Engebøsaka går på bekosting av andre oppgåver

I fire dagar har aktivistar drive sivil ulydnad ved Engebøfjellet. Når politiet nær dagleg må fjerne dei frå området går det utover andre politioppgåver, seier visepolitimeisteren.

Ronny Iden

RESSURSBRUK: Visepolitimeister Ronny Iden seier aksjonistane hindrar lovleg næringsverksemd, og dermed gjer politiet rett i å bruke ressursar på å fjerne demonstrantane.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– For kvar time det sit polititenestefolk i denne saka, så er det anna som ikkje blir gjort, seier Ronny Iden.

For fjerde dag på rad har aksjonistar lenka seg fast til anleggsmaskiner for å prøve å hindre Nordic Mining å kome i gang med prøveboring i Engebøfjellet. Fredag kveld vart fire aksjonistar fjerna og fekk bøter av politiet. 18 personar har samla fått bøter på 220 000 kroner. Det har i fleire av aksjonane vore opp mot 17 politifolk i sving saman med brannmannsskapar for å fjerne demonstrantane.

Visepolitimeisteren er klar på at den generelle drifta av politidistriktet får mindre ressursar når mange av mannskapa må rykkje ut til Engebø. Saker om liv og helse samt alvorlege straffesaker blir prioritert føre Engebøsaka.

Dess meir tid og pengar vi brukar på den saka der, dess mindre er det igjen på andre viktige område. Så vi er ikkje interessert i at dette skal vare over tid

Ronny Iden
Aksjonistane i Vevring

RESSURSAR: Politiet har fjerna demonstrantar som har lenka seg fast til anleggsmaskiner i Vevring fleire gonger dei siste dagane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Hindrar lovleg verksemd

– Det er ei løpande og pågåande forstyrring av den alminnelege orden. Det hemmar prosjektet, som er ei lovleg verksemd.

- Dei fleste innbyggjarane i Sogn og Fjordane vil vel ikkje føle at dei blir forstyrra av at det sit demonstrantar på Engebøfjellet?

– Det dei driv med på fjellet er lovleg næringsverksemd og undersøking i samband med det. Det perspektivet må vi ta omsyn til, og ordne opp i dersom dei blir forhindra, seier visepolitimeisteren.

Kor mykje pengar som til no har gått med i saka har ikkje Iden oversikt over.

– Vi må legge planar for at dette varer, men eg håpar og trur at ungdomane etter kvart ser at vi brukar ressursar som etter kvart bør gå til andre ting og tek ansvar i høve det.

Ingen planar om å gje seg

Fleire av aksjonistane er tilknytt Natur og Ungdom, og Gaute Eiterjord er klar på at dei ikkje vil gje seg med det første.

– Det er politiet som vel sjølve kva dei vil bruke ressursane på. Det er ei sak mellom politiet og Nordic Mining om dei skal bruke tida på å fjerne oss heile tida, eller bruke tida på noko anna. VI har sagt at vi er her for å stogge prosjektet, og vi kjem ikkje til å slutte med det første, seier første nestleiar i organisasjonen.

Vil vurdere å flytte ressursar

Politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad, likar ikkje det han høyrer, og meiner det blir ein konsekvens at andre politioppgåver må vike til fordel for å handtere aksjonane.

– Det går utover våre oppgåver og det er noko alle må ha eit forhold til, også demonstrantar. Dei bør vurdere den belastninga dei utset offentlege myndigheiter på over tid ved å halde fram desse demonstrasjonane dag etter dag, seier Songstad.

Han seier dei fortløpande må vurdere om dei skal flytte ressursar frå andre stader i Vest politidistrikt om aksjonane i Naustdal held fram.