Hopp til innhold

Naturvernarar skuffa over rutil-ja

Naturvernforbundet er skuffa over at fylkesutvalet i går sa ja til gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Lars Haltbrekken

Leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken seier han særleg fryktar dei miljømessige konsekvensane av sjødeponiet som er planlagt i samband med gruveetableringa.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Naturvernforbundet har sjølv sagt nei til planane , og fryktar miljømessige følgjer av sjødeponiet som er planlagd i Førdefjorden i samband med etableringa .

- Alternativet i dag er å deponere svære massar i sjøen. Noko som Havforskningsinstituttet klart og tydeleg har rådd ifrå, og som vil gje store følgjer for livet i fjorden, seier leiar Lars Haltbrekken.

Arbeidsplassar

Fylkesutvalet handsama onsdag dei svært omstridde gruveplanane i Vevring . Majoriteten av bygdefolket er imot , og fleire miljøorganisasjonar har uttalt seg kritisk. Men sjansen for nye arbeidsplassar vog tungt då fylkeskommunen valde å seie ja.

- Og vi meiner at reguleringsplanen har teke dei naudsynte omsyn som gjer at vi kan gå inn for dette, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.

Krev dokumentasjon

Sjølv om fylkesutvalet går god for planane på land, er også dei skeptiske når det kjem til eit sjødeponi for finmassar frå gruvedrifta. Politikarane krev at gruveselskapet må dokumentere at livet i fjorden ikkje vil bli skadd.

- Er ein uroa for livet i fjorden, så burde ein seie nei til desse planane, meiner Haltbrekken.

- Fjorddeponiet er viktig

Engebø med utskipingskaia

Engebø med utskipingskaia.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Ein viktig del av planane er nemlig dette fjorddeponiet, som Nordic Mining hevdar ikkje har konsekvensar for livet i fjorden, men som fagfolk i Havforskningsinstituttet tvert imot seier har store konsekvensar, held naturvernleiaren fram. Han har forståing for at fylkeskommunen tenkjer på arbeidsplassar.

- Men ein bør sjå på moglegheita til å skape andre arbeidsplassar enn arbeidsplassar som vil ha store negative følgjer for livet i fjorden, seier Haltbrekken.

Også SNU seier ja

Også Sunnfjord Næringsutvikling er positive til gruvedrift i Vevring, og rår Naustdal kommune til å gå inn for rutilutvinning. Men det er under føresetnad at det vert teke tilstrekkeleg miljøomsyn, skriv Firda.

Dei viser til nedgongen i industriarbeidsplassar, og meiner gruvedrift vil kunne vere med å snu denne utviklinga. I tillegg trekkjer dei fram at selskapet Nordic Mining vil kunne trekkje til seg kompetansearbeidsplassar og gjere det atttraktivt for unge å flytte tilbake til fylket.