Hopp til innhold

- Alt liv på fjordbotnen forsvinn

Ei utvinning av rutil frå Engebøfjellet i Naustdal vil få svært omfattande konsekvensar for lokalmiljøet, viser kosekvensanalysen som er utarbeidd.

Engebø med utskipingskaia
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det skal dumpast overskotsmasse i Førdefjorden, og det vil føre til at 40 prosent av sjøbotnen under 300 meters djupn blir dekt.

300 millionar tonn

I alt vil Nordic Mining sprenge ut 300 millionar tonn frå Engebøfjellet.

Det var Naustdal kommune som offentleggjorde konsekvensanalysen som Nordic Mining har bestilt. Bergverksdrifta skal etter planane gje arbeid til 170 personar.

Store fylgjer, men vil likevel starte

Men følgjene av å etablere gruve i området vil verte omfattande. Ni forskingsinstitutt under koordinering av Norsk institutt for vannforsking (NIVA) har bidrege til ein rapport som viser at på enkelte område vil gruvedrifta skade miljet litt, andre stader mykje. Likevel ynskjer administrerande direktør Ivar Fossum i Nordic Mining å starte gruvedrift.

Lovar store positive ringverknader

Nordic Mining ynskjer å ta ut malmen rutil i eit område i den øvre delen av Engebøfjellet. Arbeidet skal først føregå i eit dagbrot i dei fyrste 15 åra, deretter vil dei gå under jorda. Rutil inneheld titan som det er behov for kring om i verda, og selskapet ser føre seg 50 år med gruvedrift og investeringar på to milliardar kroner. Fossum lovar store positive ringverknader.

Enormt deponi

Men for å få dette til må tre gardar fråflyttast, kaier må byggast, kraftforsyning og vegar må på plass. I tillegg må det lagast to store deponi, eitt på land og eitt i Førdefjorden.

På land vil dette bety eit enormt deponi for vrakstein på 15 millionar kubikkmeter på sida av fjellet austover mot Engjabødalen, dette deponiet vil dekke 450 mål.

Vil dekke tre kvadratkilometer

I sjøen betyr dette at etter 40 til 50 års med drift vil deponiet vere på totalt 140 millionar kubikkmeter og dekke nesten tre kvadratkilometer eller 40 prosent av sjøbotnen i fjorden under 300 meters djupn. Konsekvensen er at alt liv på botnen forsvinn fram til til ti år etter at drifta er avslutta.

Kreftframkallande stoff

Ei av dei store bekymringane til lokalbefolkninga er stoffet Magnafloc som må tilsettast for at at massane skal synke i fjorden. Det inneheld det kreftframkallande stoffet Acrylamid. Åse Marie Helgheim Thingnes er talsperso for miljøgruppa i Naustdal, og ho likar dette svært dårleg.

Ifylgje verksemda sjøl har dei nedjustert utsleppa samanlikna med utsleppssøknaden til SFT, og dei meiner utsleppa er langt under lovlege grenser.

Kan påverke laksevandringa

Utfordringane for villakstammen i området i forhold til laksevassdraget Nausta er også vurdert, konklusjonen frå forskarane er at effekten vil verte middels negative til små.

Det er særleg korleis sprengning og vibrasjonar vil påvirke laksevandringa som er i fokus. Men forskarane seier uvissa er stor. Eit mogeleg tiltak kan vere å unnlate å sprenge i dei to til tre vekene vandringa pågår, står det i rapporten. Når det gjeld oppdrett er konklusjonen at støy og utslepp vil påverke fjorden middels negativt.

- Kjem til å flytte frå Vevring

Vevring
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Men i Vevring er Åse Marie Helgheim Thingnes uroa. Vevring er kjend som ei bygd der tilflyttarar har slått seg ned fordi naturen er fin og fordi det er eit miljø for kunst og kultur. Miljøvernaren kan i alle fall lova at om gruva kjem reiser familien, og bygda får nokre innbyggarar mindre.

Framover er det lokalpolitikarane som må ta stilling til kva val dei vil gjere for Naustdal i denne saka. No er det duka for ein tøff kamp.