Hopp til innhold

– Det må bu folk i dei gamle husa

Den beste brannsikringa er at det bur folk i verneverdige hus, meiner klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H). Fredag fekk ho sjå brannherja Lærdal.

Miljøvernministeren og Riksantikvaren i Lærdal

SYNFARING: Miljøvernminister Tine Sundtoft (t.v.) i følge med ordførar Jan Geir Solheim, riksantikvar Jørn Holme m.fl. fekk sjå både berga og nedbrende hus i Lærdal.

Foto: Odd Helge Brugrand

– Eg hadde eit ønske om å komme til Lærdal for å få ei god orientering om kva dei har gjort etter brannen, seier statsråden til NRK.no.

Saman med riksantikvar Jørn Holme fekk klima- og miljøministeren sjå brannruinane etter storbrannen natt til 19. januar. Dei fekk også sjå det verneverdige bymiljøet nedst på Lærdalsøyri som med naud og neppe unngjekk å bli offer for flammehavet.

Vern gjennom bruk

– Eg synest Lærdal har gjort eit godt stykke arbeid. Innsatsen då brannen stod på, og det dei har gjort etterpå med å lage ein konkret plan for gjenreisinga av eit lokalsamfunn, seier Tine Sundtoft.

Under besøket i Lærdal vart ho orientert om treårige gjenreisingsplanen som eit samrøystes kommunestyre vedtok torsdag kveld.

40 bygningar, av dei 17 bustadhus brann ned då Lærdal vart råka av ein av dei mest øydeleggande brannane i norsk etterkrigstid. Lenge var det frykt for at det spesielle trehusmiljøet i kommunen skulle gå tapt, men berre eitt freda og to andre verneverdige hus i randsona av verneområdet gjekk med.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sønneva Eris hus i brann under storbrannen i Lærdal

GJEKK TAPT: Det freda Sønneva Eris-huset i Lærdal var blant bygningane som gjekk tapt i storbrannen.

Foto: Jan Erikstad

Statsråden er oppteken av ein må dei brannråka delane av Lærdal slik at det bur folk der, og at det må bu folk også i det verneverdige området.

– Det beste vernet får vi til gjennom bruk. Derfor er det så viktig at dei no fokuserer på å både gjenreise og utvikle eit lokalsamfunn der det bur folk i husa som no blir gjenreist, seier Sundtoft.

Artikkelen held fram under biletet.)

–Sterkt å sjå

Lærdal kommune har bede regjeringa om økonomisk hjelp til gjenreisinga. Den hjelpa må komme frå Kommunal- og regionaldepartementet, ikkje frå Sundtoft sitt departement. Klima- og miljøministeren strekar derimot under at det er viktig at ein tek med antikvariske ekspertar i det vidare arbeidet.

– Det vi kan bidra med er kompetanse frå Riksantikvaren slik at vi får ei god gjenreising i samarbeid med eigarane. Det primære her er dei råka eigarane saman med kommunen, men at ein også nyttar antikvarisk kompetanse slik at vi får gjort ei bra gjenreising som gjer det attraktivt å utvikle Lærdal vidare.

Og nettopp derfor var også riksantikvar Jørn Home med på synfaringa i Lærdal fredag.

– Det var eit sterkt møte. Ein ser jo omfanget veldig tydeleg når ein er her sjølv, og ikkje berre ser det på bilete, seier Holme til NRK.no.

Han hyllar innsatsen frå brannmannskap og frivillige som hindra brannen i å sluke verneområdet..

– Dei sette nesten livet sitt på spel, og klarte å stoppe brannen før den verkeleg kunne tatt av i det verneverdige området.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Tine Sundtoft ved brannruin

RUINAR: Miljø- og klimaminister Tine Sundtoft, Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim og riksantikvar Jørn Holme framfor ei av dei 40 branntomtene på Lærdalsøyri.

Foto: Odd Helge Brugrand

– Kan skje igjen

Riksantikvaren er oppteken av at ei liknande hending som storbrannen i Lærdal kan skje igjen.

– Scenarioet med tørke og sterk vind kan komme tilbake. Då må vi vere klar over at det er ikkje berre brann i verneområdet, men også brann utanfor verneområdet set heile Lærdal sentrum i fare under slike ekstreme forhold, seier Holme som lovar lærdølane tett oppfølging i tida framover.

–Vi skal vere ein god partnar for Lærdal kommune og brannvesenet og sjå kva vi bør gjere i høve til fleire tiltak. Så får vi sjå om Lærdal også får ein byantikvar, som dei har søkt om tilskotsmidlar frå staten i ein toårsperiode.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Tine Sundtoft i Lærdal

VIL HJELPE: Statsråden lovar lærdølane hjelp gjennom Riksantikvaren til sikre ei best mogleg gjenoppbygging av brannråka Lærdal.

Foto: Odd Helge Brugrand

Vil bruke erfaringane frå Lærdal

Riksantikvaren legg heller ikkje skjul på at storbrannen har vore ein vekkar i kampen for å verne historiske bygg.

– Vi har våre tankar og har gitt våre innspel i systemet vidare. Vi ønskjer å bruke erfaringane i Lærdal i høve til andre tette trehusmiljø i Norge. Det viktigaste er at det gode planar frå brannvesenet. Det er nesten like viktig som sprinkling, brannpostar og alarmanlegg. At ein har planar for å handtere slike katastrofar. Det er til dømes gjort mykje i Risør og på Røros. Vi må gi gode råd til kommunar som har denne type utsett og verneverdig busetnad, seier Jørn Holme.

Riksantikvaren stiller også på folkemøte med dei brannråka huseigaren i Lærdal neste onsdag.