Hopp til innhold

Manglar ressursar til å ta seg av traumatiserte born etter storbrannen

Borna i Lærdal som miste alt dei eigde i storbrannen er framleis traumatiserte og treng hjelp. Både ved skulen og barnehagen meiner leiinga det er behov for fleire som kan trygge borna.

Mange av ungane i Lærdal har det vanskeleg etter storbrannen og dei treng ekstra hjelp. 
Både på skulen og i barnehagane er det no eit behov for å få inn fleire vaksne slik at ungane kjenner seg trygge.

SJÅ TV-REPORTASJE: Born kjenner seg utrygge etter storbrannen.

Storbrannen i Lærdal

LÆRDAL NATT TIL 19 JANUAR: 40 bygningar, av dei 17 bustadhus, brann ned til grunnen.

Foto: Odd Helge Brugrand

– Det er ikkje noko god kjensle. Vi prøver så godt vi kan, men når vi ser at vi ikkje klarer å vere der for dei heile tida, så er ikkje det noko godt, seier Heidi Austrheim.

Ho er styrar ved Lærdalsøyri barnehage og ser dagleg at dei vaksne ikkje strekkjer til for borna.

– Vi må vere litt tettare på ungane. Nokre treng eit ekstra fang å sitje på. Litt meir vaksenkontakt. Litt meir tid til kvar enkelt. Dei har lyst på litt kos og nærleik. Nokre treng å få prate litt meir med oss vaksne.

Frustrerte og utagerande

Under storbrannen i Lærdal natt til 19. januar brann 17 bustadhus ned til grunnen. Mange born mista alt dei eigde og fleire vart evakuerte. Borna er framleis traumatiserte etter den dramatiske hendinga, seier styraren i barnehagen.

Ivar Fykse

SER ENDRING: Rektor Ivar Fykse ved Lærdalsøyri skule.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Nokre ungar er veldig frustrerte og utagerer litt. Dei kjem lett i konflikt med andre. Då må vi heile tida vere litt i forkant. Vi ser at dei vaksne treng å vere litt tettare på borna, seier Austrheim.

Også rektor Ivar Fykse ved Lærdalsøyri skule meiner å sjå ei endring hos mange av borna.

– Før har dei vore veldig tankefulle. No byrjar dei å bli veldig spørjande og aktive. Det no kanskje dei først dei byrjar å danne seg eit bilde av kva som har skjedd med Lærdal, seier rektoren.

Tykkjer synd på medelevane

På skulen ser Egil Natvik Vestrheim at mange av medelevane har det tøft.

Egil Natvik Vestrheim

– DEI HAR DET FORFERDELEG: Sjuandeklassingen Egil Natvik Vestrheim vart ikkje sjølv råka av storbrannen, men ser at fleire medelevar treng nokon å snakke med.

Foto: Steinar Lote / NRK

– No er det litt meir normalt, men dei som har mista huset sitt, har det forferdeleg.
Dei som har blitt råka av brannen treng kanskje nokon å snakke med. Det kunne vore veldig lurt å ha nokon, seier sjuandeklassingen.

Han var sjølv ein av dei heldige, som ikkje vart råka av brannen.

– Eg var ikkje redd, det var ikkje i nærleiken av huset vårt, fortel han.

Jaktar pengar til pedagogar

For å trygge borna best mogeleg treng skulen og barnehagen fleire vaksne. I Gjenreisingsplanen for Lærdal kommune meiner Kultur- og oppvekstetaten at det er behov for seks nye pedagogstillingar i kommunen.

– Eg tenkjer at den beste hjelpa dei kan få, er å ha ei god grunnbemanning i både skule og barnehage. Vi ønskjer å styrke talet på pedagogar, særleg i dei gruppene der det er born som er direkte ramma, seier kultur- og oppvekstleiar Torunn Liltved.

Men Lærdal kommune har ikkje pengar til nye stillingar. Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) lovar likevel å gjere sitt yttarste for å finne midlar.

– Dei to viktigaste gruppene våre er trass alt borna – og dei eldste – som er ramma her. Det er forferdeleg viss born og ungdom kunne fått hjelp tidleg og kunne sleppe å få traume resten av livet, men ikkje får det. Det er det det handlar om, seier Lærdals-ordføraren.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Lærdalsøyri skule

TRENG SEKS STILLINGAR: Oppvekstetaten i Lærdal meiner dei treng seks nye pedagogar for å kunne gi borna på Lærdalsøyri skule og barnehage eit tilfredsstillande tilbod.

Foto: Steinar Lote / NRK

Krisepsykolog: – Neppe traume resten av livet

Atle Dyregrov ved Senter for krisepsykiatri meiner derimot at ein ikkje må ha overdriven tru på kva ein vanleg pedagog kan utrette.

– Eg trur det er viktig å analysere kva er det som gjer at dei har vanskar med å lære. Eg trur nok at dette med frykt er rett. At når hjernen er på vakt for at ein er redd for at det skal skje på ny, så er det vanskeleg å lære. Då er det viktig å dempe nokre av desse reaksjonane. Eg trur nok at det kanskje er naudsynt med litt meir samansett hjelp enn berre å ha pedagogar til stades, seier Dyregrov til NRK.

Atle Dyregrov

TRENG MEIR ENN PEDAGOGAR: Krisepsykolog Atle Dyregrov trur fleire pedagogar i skule og barnehage vil hjelpe, men trur det også er behov for anna hjelp. Han tvilar på at storbrannen har gitt borna følgjer for livet.

Foto: NRK

Psykologspesialisten seier det til ein viss grad vil hjelpe å få inn fleire lærarkrefter, men er klar på at enkelte born vil kunne ha andre behov.

– Ein må gjere noko med grunnane til at dei slit med å lære. Det kan ligge i at dei slit med nokre av desse posttraumatiske plagene i etterkant.

Dyregrov har liten frykt for at storbrannen i Lærdal, som til alt hell ikkje kravde menneskeliv, skal gi borna varige mein.

– Det påverkar dei sterkt, men eg trur ikkje vi skal vere redde for traume resten av livet. Men det tek tid å få ny tryggleik i livet, og det kan vaksne gi. Nokre av borna er heilt sikkert alt tilbake til det normale, for andre tek det meir tid, seier krisepsykologen.