Gamle bygningar i Lærdal

Kvammeloftet frå Borgund (til høgre) på De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvammeloftet frå Borgund (til høgre) på De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utanom Nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje, dei gamle hotella (sjå Gjestgjevarstader i Lærdal), hovudhuset på Storgarden Rikheim, det staselege hovudhuset på Frønningen, og Kapteinsgarden på Ljøsne som alle er omtala i eigne artiklar, finst det ei mengd eldre hus både på Lærdalsøyri og elles i kommunen som krev nærare omtale.

Kvammeloftet

vart truleg bygt på slutten av 1500-talet på Nedre Kvamme i Borgund, opphaveleg var det bygt som ei sengebu, men det vart påbygt i 1745. Huset vart brukt som overnattingsplass for folk som kom på vitjing, men har og truleg vore brukt til selskap som bryllaup. I dag står Kvammeloftet på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Kaupangerskogen.

Vetestova frå Vetanosi står i dag på Sogn Folkemuseum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Vetestova frå Vetanosi står i dag på Sogn Folkemuseum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Vetestova frå Vetanosi

Det 1132 meter høge fjellet Vetanosi nord for innløpet til Lærdalsfjorden er eitt av dei mest kjende vetepunkta i Sogn. Veten på Vetanosi kunne sjaåst over store område i indre Sogn. Vetestova – vaktbua – frå Vetanosi vart i 1885 flytta til Fagerset og nytta til sel. I 1911 vart vetestova flytta til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuséum.

Eitt av husa på husmannsplassen Galdane. Foto © Oddkjell Bosheim.

Eitt av husa på husmannsplassen Galdane. Foto © Oddkjell Bosheim.

Husmannsplassen i Galdane

Husmannsplassen frå 1600-talet i den stupbratte lia ved Galdane vekkjer merksemd hjå turistane. Drifta tok slutt i 1947, men både hus og kulturlandskap ikring er teke vare på og verna. Den dyrka jorda er gjort flatare med høgde steinterasser, og åkerlappane var sjeldan større enn 10-20 kvadratmeter. Orienteringsskilt er sett opp ved europavegen.

Hovudhuset på Uppigarden vart bygt på Frønningen i 1745, men vart flytta til Voll i 1900. Dette biletet er truleg teke få år etter at huset kom til Voll. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Hovudhuset på Uppigarden vart bygt på Frønningen i 1745, men vart flytta til Voll i 1900. Dette biletet er truleg teke få år etter at huset kom til Voll. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Våningshuset på Uppigarden

Våningshuset på Uppigarden, Voll er den tidlegare hovudbygningen på Frønningen-godset. Det vart bygd der av Hans Lem i 1745 og flytta til Voll i 1900. Huset har to fulle etasjar.

Våningshuset på Bjørko

Bjørko er ein gard ved Erdal. Våningshuset har vipp på taket, og tømmeret i huset viser at det er sett opp som årestove for fleire hundre år sidan. Stova hadde den gongen ljore og den tradisjonelle halvlemmen, men har seinare vorte utvida.

Tunet på Bjørko i Erdal med det gamle våningshuset til venstre. Foto: Jens Hauge. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Tunet på Bjørko i Erdal med det gamle våningshuset til venstre. Foto: Jens Hauge. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Kornmagasinet på Øvre Voll

I samband med Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet bygde Staten eigne kornmagasin kringom på bygdene for at bøndene skulle vere sikra såkorn i krisetider. I Sogn og Fjordane vart det bygd slike kornmagasin i Lærdal og på Nordfjordeid (sjå Erik O. Nord). Då trongen for kriselager vart mindre, vart kornmagasina selde og inntekta vart brukt som grunnfond ved skiping av lokale sparebankar. Dette skjedde både med Nordfjord Sparebank og Lærdal Sparebank. Det gamle kornmagasinet som opphaveleg stod på Magasinhaugen på prestegarden, vart selt og tener no som stabbur på garden Øvre Voll på Tønjum.

Hovudhuset på prestegarden på Tønjum. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Hovudhuset på prestegarden på Tønjum. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Prestegarden på Tønjum

Hovudhuset på prestegarden på Tønjum vart bygd i 1819-1820. Huset har gjennom tida vorte sterkt ombygd, men er no freda. Prestegarden låg i gamal tid på nordsida av Lærdalselva, og garden på Tønjum vart truleg prestegard tidleg på 1600-talet.

Gamlebanken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamlebanken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

«Gamlebanken»

Det gamle bankbygget til Lærdal Sparebank (bygd 1925 ved den tidlegare busshaldeplassen ) og ungdomshuset lengre aust (bygd 1922) er begge teikna i såkalla klassisistisk stil av Bergens-arkitekten Johan Lindstrøm. Inngangspartiet og andre bygningsdetaljar har antikke tempel med søylar og gavlar som førebilete. Lindstrøm har også teikna fleire ungdomshus, m. a. på Hermansverk i same stil. Gamlebanken vert no nytta til m.a. turistinformasjon, kulturkontor og kulturskule, og ulike historie-utstillingar.

Huset Telegrafen

Telegrafen har vore både hotell og apotek og er eitt av dei staselegaste husa på Lærdalsøyri.

Sønneva Eris hus - bakeri og telegrafstasjon

Eit vakkert, to-etasjes empirehus aust i Øyragata.

Stødnahuset - apotek og amtmannsbustad

Stødnahuset har namnet sitt etter Per Tomassen Stønjum (1845-1930) som kjøpte huset i 1896 og dreiv butikk der.

Einemo

Omlag 300 meter aust for sentrum ligg eit gamalt villastrøk for «kondisjonerte» som kallast Einemo. Her finst mange gamle bygningar med historisk sus over seg:

I dette huset i Brattegjerdet budde Othto Blehr, som seinare vart statsminister. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dette huset i Brattegjerdet budde Othto Blehr, som seinare vart statsminister. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Brattegjerdet

I Brattegjerdet ligg eit stort, kvitmåla hus med vid ark, truleg bygd kring 1850. Huset vart bygd av sokneprest Hannibal Winsnes (1801-1861), men vart i 1877 kjøpt av sakførar, seinare statsminister Othto Albert Blehr og kona Randi Blehr. I den korte tida dei budde i Lærdal, starta Venstre-avisa «Sogns Tidende», og Randi starta eit banebrytande kurs i biletveving.

Hovudhuset på Einemo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudhuset på Einemo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Einemo

Ligg som naboeigedom til Brattegjerdet, og var kommandantgard for Det Lærdalske Kompani frå 1802 til 1825, då kommandanten flytta over til Kapteinsgarden på Ljøsne. Lensmann Claus Rumohr som 1896-1907 leigde bort storgarden sin på Rikheim til jordbruksskule (sjå Jordbruksskulen på Rikheim), bygde eige hus på Einemo.

Dokterbustaden

på Brattegjerdet vart bygd som privatbustad av kjøpmann Johan Møller ca. 1831. Han kjøpte seg eigedom på Einemo litt aust for tettstaden og bygde stort herskapshus der. Men truleg har det gått dårleg med handelen, for i 1837 vart huset på Einemo leigt ut til den første distriktslegen i Lærdal, M. Istad frå Oslo. Huset var deretter dokterbustad i 120 år – derav namnet. I 1849 måtte Møller gå frå huset, som vart selt på auksjon. Frå 1956 var huset nytta som rekonvalesentheim før fylket kjøpte eigedomen med innbu og kunstgjenstandar i 1971 for å huse hjelpepleiarskulen som var starta i Lærdal i 1965 (sjå Skular). På eigedomen har skulen sidan bygd anneks med undervisningsrom og hyblar.

Dokterbustaden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dokterbustaden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hansegarden

vart bygd av snikkar Jan Lund frå Bergen i 1840 for den rike handelsmannen, ordføraren m. m. Jan Henrik Nitter Hansen. Jan Lund budde i Lærdal 1838-1858, og samarbeidde mykje med den dyktige bygdesnikkaren Anders Bondehagen. Huset er bygd som eit typisk «byhus» med karakteristiske trekk frå Bergens-stilen, med utsmykka portal og flott omramming av omnane. Overlege Per Jerving kjøpte eigedomen i 1974 og restaurerte huset, som no er freda.

Lindstrømnaustet

på Løytnantbryggja er ein del av bygningsmiljøet på den verna delen av Lærdalsøyri. I 2013 løyvde Riksantikvaren 750.000 kroner til restaurering av naustet.

Lindstrømnaustet er det største naustet på Løytnantsbryggja. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lindstrømnaustet er det største naustet på Løytnantsbryggja. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.