Hopp til innhold

Lovar dusør om syndaren blir tatt

Dyrevernalliansen lovar dusør for opplysningar som kan hjelpe politiet med å finne syndaren som la ut ei revesaks i Stryn.

Rev fanga med revesaks

MÅTTE AVLIVAST: Slik vart ein rev funnen i vegkanten i Nordfjord før jul. Revesaka er forbode i Norge.

Foto: Privat

– Vi lovar ut ein dusør på 10.000 kroner for opplysningar som fører til at denne saka blir oppklara, seier informasjonsrådgjevar Kaja Ringnes Efskind i Dyrevernalliansen.

Det var like før jul at Ragnhild Urtegård Haugen kom køyrande langs fylkesveg 60 mellom Loen og Rake i Stryn. I vegkanten såg ho noko som fekk ho til å stoppe bilen: Ein rev kom haltande på tre bein, ille tilreidd med revesaks klemt rundt den fjerde poten.

Kaja Ringnes Efskind

BETALAR FOR TIPS: Informasjonsrådgjevar Kaja Ringnes Efskind i Dyrevernalliansen vil hjelpe politiet å oppklare saka.

Foto: Ihne Pedersen

– Eg synest det er heilt grufullt. Det går utover hjelpelause dyr, som ikkje kan seie ifrå sjølv, sa Haugen til NRK tidlegare i desember.

Forbode i Norge

Bileta av den skadde reven har vekt avsky.

– Å bruke revesaks er rett og slett mellomaldersk, og det er grov dyremishandling som ein må slå hardt ned på, fastslår Efskind i Dyrevernalliansen.

Såkalla fotsaks har vore forbode i Norge sidan 1930. Ein anna type, svalesaksa, har vart forbode i 2012.

Likevel fryktar fylkesleiar Per Norstein i Norges Jeger og fiskeforbund i Sogn og Fjordane at fryktar mange framleis nyttar seg at denne typen fangstreiskap.

– Det er skakande å høyre at det framleis er folk som brukar dette. Vi tek sterk avstand frå bruk av slike fangstmetodar, seier Norstein.

Fryktar mørketal

Også politiet, som rykte ut etter melding om funnet i Stryn, ser alvorleg på saka. Dei viser til at revesaks ikkje berre er ulovleg, men også kan vere til fare for andre dyr og menneske.

Asle Karoliussen

KRIMINELT: Asle Karoliussen i Sogn og Fjordane politidistrikt hadde håpa slike fangstmetodar høyrde til fortida, men trur det er mykje som ikkje kjem politiet for øyret.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi fryktar mørketala er store, sa miljøkoordinator Asle Karoliussen ved Sogn og Fjordane politidistrikt måndag.

Han legg lite i mellom i sin karakteristikk av denne typen jakt.

– Det er ein type fangst som høyrer til historia, og som ut frå folk sitt syn på dyrevelferd ikkje skal skje – og som har vore forbode i mange år. Eg ser på det som alvorleg kriminalitet overfor dyr.

Vil samarbeide med politiet

I Dyrevernalliansen torer Kaja Ringnes Efskind knapt å tenke på lidingane reven i Stryn må ha vore gjennom.

– Dette er ei grov sak. Bruk av revesaks er ulovleg i Norge, med god grunn. Dyr blir fanga levande og kan bli liggande lenge med store smerter, før dei blir funne. Nokre gneg av seg kroppsdelar for å komme seg laus.

– Er dette saker de i Dyrevernalliansen ofte kjem over?

– Vi har ikkje høyrt mykje om bruk av revesaks. Vi håpar dette ikkje er så utbreidd som vi no fryktar, seier Efskind.

Ho strekar under at alle seriøse tips som måtte komme inn til Dyrevernalliansen vil bli formidla vidare til politiet.