Hopp til innhold

– Det var eit grotesk og sjokkerande syn

Ragnhild Urtegård Haugen gløymer ikkje så lett synet som møtte ho i vegkanten. Ein rev halta rundt på tre bein – med ei smertefull revesaks på høgre framfot.

Rev fanga med revesaks

VART AVLIVA: Ein person kom til staden og avliva reven med eit slag i hovudet.

Foto: Privat

– Det var grotesk. Sjokkerande. Reven hadde store smerter og kom seg ingen veg, seier Urtegård Haugen.

Ho var på veg til ein skitur i fjellet, då ho oppdaga reven i vegkanten mellom Loen og Rake i Nordfjord. Ho stoppa bilen for å sjå kva som var på ferde.

Det viste seg at reven hadde ei revesaks over høgre framfot.

Ein person vil bli bøtelagd

Den skadde reven halta rundt på tre bein, men var ute av stand til å stikke av. Urtegård Haugen varsla raskt politiet om saka.

– Like før politiet var på staden, kom det ein person til og slo den i hel med ein stokk, seier ho.

Ifølgje fjordingen.no er ein person meld til politiet og vil bli bøtelagt etter å ha fanga rev i revesaks.

– Politiet ser alvorleg på saka, både fordi revesaks er ulovleg å bruke og fordi slik reiskap kan vere til fare for andre dyr og også for menneske, seier politibetjent Mathias Engeset til avisa.

– Bra at folk er kritiske, men…

Etter skituren la Urtegård Haugen ut bilete av reven på Facebook. Der har saka skapt stort engasjement. Nesten 300 personar har kommentert innlegget – og det er delt nesten 800 gongar.

«Mest av alt er eg trist. Trist fordi du hadde det så vondt, trist fordi livet ditt er over, og trist fordi berre eit fåtal av oss bryr oss. Kor vart det av kjærleiken, audmjukheita og respekten, ikkje berre for dei som går på to bein, men også for alle dei som går på fire», skriv Urtegård Haugen på profilen sin.

Ho har for det meste fått positive tilbakemeldingar frå folk som synest det er bra at ho deler historia. Men det er også folk som meiner ho må ha dikta det heile opp.

– Er dette noko du har fabrikkert?

– Absolutt ikkje. Eg synest det er bra at folk er kritiske, men dette er ikkje fabrikkert.

Håpar terskel for å varsle blir lågare

NRK har vore i kontakt med fangstfolk som stadfestar at fangstreiskapen er ein type revesaks som vart ulovleg å bruke i 2012, men at slike framleis kan vere i bruk.

Slike sakser påfører dyra store smerter og skader.

– Eg synest det er heilt grusomt. Det går utover hjelpelause dyr, som ikkje kan seie ifrå sjølv, seier Ragnhild Urtegård Haugen.

– Det hadde vore fint om terskelen for å melde ifrå om slik saker blir lågare, seier ho.