Hopp til innhold

Er redd mange fleire brukar revesaks

Det kan vere store mørketal i bruk av dei inhumane og ulovlege revesaksene.

Rev fanga med revesaks

MÅTTE AVLIVE: Denne reven hinka rundt med revesaks over den høgre framfoten, og vart avliva av folk som kom til staden.

Foto: Privat

– Det er rystande å høyre at det framleis er folk som brukar dette. Vi tek sterk avstand frå bruk av slike fangstmetodar, seier Per Norstein.

Han er fylkesleiar i Norges jeger- og fiskarforbund, og reagerer kraftig på det han meiner er ei grotesk form for jakt.

Nyleg vart ein rev i Nordfjord funnen i vegkanten med ei revesaks over eine framfoten. Med store smerter hinka reven rundt – heilt til han vart avliva av folk. Ein person er no meldt til politiet.

– Det var grotesk. Sjokkerande. Reven hadde store smerter og kom seg ingen veg, seier Ragnhild Urtegård Haugen, som oppdaga den skadde reven.

Kan vere store mørketal i einskilde område

NRK har vore i kontakt med fangstfolk som meiner bruk av ulike typar revesaks er meir vanleg enn det mange trur. Miljøkoordinator Asle Karoliussen ved Sogn og Fjordane politidistrikt ser alvorleg på saka.

– Det er ein type fangst som høyrer til historia, og som ut frå folk sitt syn på dyrevelferd ikkje skal skje – og som har vore forbode i mange år. Eg ser på det som alvorleg kriminalitet overfor dyr, seier han.

Han viser til at saker med ulovleg fangst dukkar opp med jamne mellomrom. Politiet har ikkje oversikt over omfanget, men det er grunn til å tru at det finst mørketal.

– Vi ser at det kan vere mørketal, og at mørketala vere store i einskilde område. Men vi ser at mange bryr seg når slikt kjem for dagen, og det er veldig bra at folk gir beskjed, seier Karoliussen.

Fungerande regionlensmann i Sogn, Asle Karoliussen

ALVORLEG: Miljøkoordinator Asle Karoliussen ser alvorleg på bruk av revesaks.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ber jegerar ta avstand frå bruk av revesaks

Bruk av revesaks av typen fotsaks har vore ulovleg sidan 1930-talet. Fangstreiskapen er laga slik at den påfører reven store lidingar, og kan dessutan vere til fare for andre dyr – og også for menneske. Ein annan type, dei såkalla svanehalsane, har vore forbode i Norge sidan 2012.

Per Norstein kan ikkje sjå for seg at nokon av medlemmene i forbundet brukar slike fangstmetodar. Han ber jegerane ta avstand frå ulovleg jakt.

– Opp gjennom 50- og 60-åra var nok revesaksene framleis i bruk hos ein del. Men eg visste ikkje at nokon i det heile teke brukar det no i 2015. Det er skremmande, seier han.