Hopp til innhold

Legar må varsle om misbruk

Dokterar må bli flinkare til å varsle om medikamentmisbrukarar på vegane, meiner Fylkeslegen i Sogn og Fjordane.

Medisin

MÅ MELDE FRÅ: Legar er pliktige til å melde frå til fylkeslegen om personar som misbruker medikament eller narkotika på vegane.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Fylkesmannen vurderer no å føre tilsyn med fastlegar som ikkje varslar om trafikkfarlege personar som køyrer i rusa tilstand.

I Møre og Romsdal har dei fått ned dødstala på vegane fordi mange fleire førarar som misbruker medikament og andre stoff har mista førarkortet.

Enkelte dokterera her i fylket må bli flinkare, seier assisterande fylkeslege Jacob Andersen.

– Vi har mange legar som er veldig orienterte og flinke, og så har vi andre som kanskje ikkje er så informert og som vi ikkje høyrer så mykje frå, seier han.

Gjer ikkje jobben sin

Trafikken tok 32 liv på vestlandsvegane i fjor. I åtte av dei var det rus med i bilete.

Legar har ei plikt til å melde frå om personar som dei veit misbrukar medikament eller narkotika på vegane. Fylkesmannen kan då bestemme at politiet skal dra inn førarkortet.

Men det er ikkje alle legar som gjer jobben sin på dette punktet.

– Er det pasientar som ikkje fyller helsekrava, så må legane anten sørge for at pasienten kjem seg og fyller krava. Eller så må dei melde til fylkesmannen, seier Andersen som er assisterande fylkeslege.

Du kan lese meir om dette på Fylkesmannsbloggen her.

Slik har dei fått dødstala ned

I Møre og Romsdal har Fylkesmannen ført tilsyn med fastlegar som har skrive ut mykje trafikkfarlege medikament.

Det har ført til mindre rus på vegane, og talet på drepne i trafikken i fylket er blitt meir enn halvert dei siste fem åra.

Til hausten vurderer Fylkesmannen i Sogn og Fjordane liknande tilsyn, seier Andersen.

– Slike ting er som å kaste ein stein i fjorden. Det skapar ringar i vatnet som spreier seg og på den måten kan legane bli meir bevisste på at dette er noko dei må ta på alvor, seier han.

Fire etatar i fylket, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Statens vegvesen – Region Vest og Sogn og Fjordane politidistrikt har allereie gått saman for å finne løysingar på korleis ein kan gjere det tryggare i trafikken.

Legeforeininga er positiv

Audun Osland Vik-Mo, nestleiar i Sogn og Fjordane legeforeining, seier dei er positive til den jobben Fylkesmannen gjer med å setje fokus på problemstillinga.

– Både bruk av medikament utskrive frå legar, og andre medikament, ikkje minst illegale, er ei stor utfordring i både primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta.