Hopp til innhold

Bryske legar gjer at sjuke pasientar blir unødvendig redde

Ufine dokterar kan føra til at sjukdom ikkje blir oppdaga. Kvar fjerde klage til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane handlar om dårleg kommunikasjon mellom lege og pasient.

Bryske og stressa doktorar har dårleg innverknad på sjuke folk. Pasientane blir meir engstelege og i verste fall blir ikkje sjukdommen oppdaga. Omlag kvar fjerde klage til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane handlar om dårleg kommunikasjon mellom lege og pasient.

SJÅ TV-SAKA: Bryske og stressa dokterar har dårleg innverknad på sjuke folk. Pasientane blir meir engstelege og i verste fall blir ikkje sjukdommen oppdaga. (FOTO/REDIGERING: Arne Stubhaug).

Mellom 20 og 30 prosent av klagene til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane handlar om legar som oppfører seg ufint i møte med sjuke folk, viser ein gjennomgang Fylkeslegen har gjort.

Det kan vera dokterar som er uhøflege, avvisande eller arrogante, som ikkje gir pasientane den informasjonen dei har krav på, eller som kan norsk for dårleg til å fanga opp sjukdom.

Sjukdom blir ikkje oppdaga

– Dette tykkjer eg er alvorleg, seier Lars Moland, som har vore fastlege i Aurland dei siste tretti åra, og som står fram alt anna enn morsk og avvisande i møtet med pasient Ingebjørg Borlaug.

Den røynde dokteren har vore rettleiar for allmennpraktiserande legar som skal bli spesialistar i Sogn og Fjordane. Der er nettopp kommunikasjon og konsultasjonsteknikk med i opplegget.

– Ein vesentleg del av medisinsk behandling er den medisinske samtalen, altså å snakka med pasienten og finna ut kva han eller ho uroar seg for. Viss dokteren ikkje får fram det, vil pasienten ofte gå med uforretta sak, meiner Moland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkeslege Per Steinar Stensland

MÅ SKVÆRE OPP: Legar som blir klaga inn til Helsetilsynet får pålegg om å kontakta pasienten for å skvære opp, fortel fylkeslege Per Stensland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Utanlandske legar

Fylkeslegen sin gjennomgang av bunken med klager viser at utanlandske legar og dokterar i legevakt er overrepresenterte.

– Legevakt er krevjande for dokteren fordi der er hektisk, gjerne med alvorlege skadar og sjukdomar. Pasientane kan difor oppleva at legen er brysk og arrogant, og at han ikkje tek vare på dei, seier fylkeslege Per Stensland i Sogn og Fjordane:

– I klagene finn me òg at utanlandske legar som har norsk som andre- eller tredjespråk, har større utfordringar med pasientkommunikasjonen enn dei som meistrar språket fullt ut.

– Legar frå andre kulturkrinsar kan dessutan mangla naudsynt innsikt i den norske kulturen, som er viktig for å skjøna måten pasientane legg fram uroa si på, seier Stensland.

Sit langt inne å klaga

Kristin Sønnerheim og Eldbjørg Wangen i Aurland eldreråd representerer ein generasjon som har høg terskel for å klaga. Tala frå fylkeslegen likar dei difor dårleg.

– Det tykkjer eg er veldig sårt å høyra. Det skal ikkje vera slik i samfunnet vårt, der me skal ta omsyn til kvarandre, hjelpa kvarandre, og der legane skal vera til for oss. Dokterane må ta imot oss slik at me kjenner at me står i sentrum, meiner Sønnerheim.

Og ho får støtte av Wangen.

– Når me blir eldre, kan det godt henda at me ikkje maktar å uttrykkja oss heilt godt, men då skal legane vera opplærde til å tolka og fanga opp kva som feilar pasienten.

– Det er ikkje mange som spring til dokteren om dei ikkje kjenner at noko er gale, så når me kjem inn på legekontoret, ønskjer me å bli behandla med respekt, seier Wangen.

Må skværa opp

Dei dokterane som bli klaga inn til Helsetilsynet, får pålegg om å kontakta pasienten for å skværa opp. Det tykkjer lege Lars Moland er eit godt tiltak:

– Også i framtida vil det oppstå uheldige hendingar og feil på legekontora. Difor er det fornuftig å ordna opp i dette lokalt. Det er noko pasienten vil vera nøgd med, og noko legen kan læra noko av.