– Gudvangen er eit vilt kaos med bussar, bubilar og personbilar i hytt og ver, seier dagleg leiar Arne Glenn Flåten i Fjord 2, som driv ferja mellom Gudvangen og Kaupanger.
Flåten er mektig lei av virvaret på ferjekaien, som er ein av dei viktigaste innfallsportane til verdsarvområdet i Sogn. Fire gonger om dagen fraktar han turistar som vil nyta fjordlandskapet. Men starten på reisa i Gudvangen er alt anna enn god.
– Ingen bryr seg om kva som står på bilfilene på kaien. Bilar blir difor parkerte inne av turistbussar og kjem ikkje med ferja. Dette må ryddast opp i, seier Flåten.
- Les òg:
Dårleg skilting
– Skiltinga er heilt sikkert for dårleg, så det må me berre ta innover oss og gjera noko med, seier Johannes Dalsbotten, styreleiar i Aurland Hamnevesen, som har ansvaret for ferjekaien i Gudvangen.
Fram til i fjor hadde Fjord1 kaivertar i Gudvangen som hjelpte turistane og gav beskjed kvar folk skulle stå med bilane og bussane sine.
Det nyskipa reiselivsselskapet The Fjords, som driv ferjeruta mellom Gudvangen og Flåm, arbeider for å få på plass nye kaivertar til 1. juli.
Arne Glenn Flåten vil gjerne vera med å spleisa, slik at òg Fjord 2 kan nytta seg av dei:
– Ein kaivert kan hindra at grupper går om bord på feil båt og kan dirigera trafikken betre, slik at folk kjem fortare om bord i båtane.
Sprengt kaikapasitet
Også ute på fjorden er det eit sirkus. I tillegg til ferjene til Kaupanger og Flåm, har òg ulike charterselskap avgangar frå Gudvangen. Presset er så stort at det er teke i bruk lekter.
– Det er veldig sprengt, fordi hamnevesenet berre disponerer ein ferjekai, og no er det 10–11 avgangar kvar dag. Mange av båtane har stram tidsplan, så viss éin blir forseinka, forplantar det seg til dei andre, og det blir vanskeleg å henta inn att det tapte, seier Dalsbotten i Aurland Hamnevesen.
Fleire reiselivsaktørar vil at Aurland kommune – gjennom det kommunalt eigde Aurland Hamnevesen – skal snakka med private kaieigarar, for å leiga kaiar, slik at båttrafikken kan avviklast meir effektivt.
– Det skal eg følgja opp, slik at me kan finna gode løysingar, seier Aurland-ordførar Noralv Distad (H).
- Les òg: